Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er subsidiert el-bilsatsing berekraftig?

Regjeringa skryter ofte av suksessen med elbil.

Elbilsatsing: Utslepp av klimagassar i Norge har dei siste åra endra seg lite. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
Elbilsatsing: Utslepp av klimagassar i Norge har dei siste åra endra seg lite. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Gunstige avgiftsreglar gjorde at 45 prosent av nybilsalet i Norge var elbilar i 2018, mot 5 prosent i Sverige og 2 prosent i heile Europa.

Elbilar slepper ikkje ut CO2 på norske vegar, men subsidieringa kostar pengar. Tal frå SSB viser at å kutte 1 tonn CO2-utslepp kostar Staten 5.600 kroner i tapte avgifter. Tapt skatt og avgift på elbilar utgjorde i 2017 over 5 milliardar kroner.

Det finst rimelege måtar for karbonfangst, t.d. i skog. Vi må samarbeide med fotosyntesen. Sp har i lang tid peika på å bygge i tre for å spare CO2-utslepp i materialbruken og til å lagre karbon i treverket.

Å plante og gjødsle av skog er effektiv og billig karbonfangst. Gjødsla skog veks raskare og lagrar 1 tonn meir karbon per dekar i 10-årsperioden fram mot hogst. I 2018 fjor blei det gjødsla 56.000 dekar ifølgje SSB. Til samanlikning gjødslar svenskane 1,5 mill. dekar.

Annonse

Miljøverndirektoratet har rekna ut at det offentleg betaler berre 36 kroner per ekstra tonn som blir bunde på denne måten. Skogeigaren betaler ca. 60 kr per dekar for gjødslinga og får god avkastning på større tømmeroppgjer. Auka tømmervolum må til for å produsere norsk biodiesel i stort omfang.

Utslepp av klimagassar i Norge har dei siste åra endra seg lite. Tal frå SSB (Statistisk sentralbyrå) viser utslepp på vel 52 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2018. Auka utslepp i vegtrafikken kjem mellom anna av at det har vore mindre biodrivstoff tilgjengeleg.

– Vi har ikkje nok av det gode biodrivstoffet til å erstatte palmeolje, seier miljøminister Ola Elvestuen.

Likevel reduserte biodrivstoff utsleppa med over 1 million tonn. Det er mykje meir enn effekten av elbilsatsinga, opplyser Miljødirektoratet. I forslaget til statsbudsjett foreslo likevel regjeringa å fjerne fritaket for vegbruksavgift på biodrivstoff ut over innblandingskravet. Slik politikk og skaper usikkerheit for dei som vil investere i produksjon.

Samanliknar vi med andre land i Europa, er Norge blant dei få landa som har auka utsleppa sidan 1990. Sverige har redusert CO2-utsleppa sine med 26 prosent sidan 1990. Svenskane har satsa meir på biodrivstoff frå skog og på flisfyring, lite på elbil.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Feil fra NMBU om Eat-Lancet og Norsk landbruk