Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er det von i hengande snøre?

Er det ein trend i tida at politisk styring er mindre føreseieleg?

Mindre føreseieleg: Det mektigaste landet i verda er styrt av ein president som kommuniserer utan filter på Twitter. Kva retning vil verda ta? Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Mindre føreseieleg: Det mektigaste landet i verda er styrt av ein president som kommuniserer utan filter på Twitter. Kva retning vil verda ta? Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Kva er det som skjer i den store og meir heimelege verda? Eg gjer meg nokre tankar frå min plass på Jæren som bonde og over gjennomsnittleg interessert i politikk og samfunnsutvikling. I skrivande stund har eg akkurat vore vitne til Frp sin exit frå regjering. Noko måtte ein forvente skulle skje etter siste dagars utvikling av heimhenting av IS-mora og barn.

No vert det slutt på «Muppet Show» i regjeringa, men det vil fortsetja i Stortinget. Kanskje er ordtaket på sin plass; å klippa grisen gjev mykje skrik, men lite ull. Den blåblågule regjeringa har i alle tilfelle synt at den ikkje er liv laga, til fadder Erna sin store skuffelse. Erna vil styre vidare med utgangspunkt i Granavolden-erklæringa, men kvifor skulle Frp ville det, når det nettopp er difor partiet går ut av regjering?

Det vert spanande å sjå om sentraliseringsiveren til regjeringa må bremsast, dersom Frp ynskjer å koma seg inn på Sp sine jaktmarker. Radarparet Sylvi Listhaug og Terje Søviknes får nok gå på «fri eksos» framover. Det vert sikkert også mykje Facebook framover. Politiske kommentatorar vert ikkje arbeidslause i tida som kjem. Me går inn i eit uroleg politisk landskap fram mot valet neste haust.

Er det ein trend i tida at politisk styring er mindre føreseieleg, meir styrt av det enorme behov for nyheiter online og sosiale medium heile døgnet, kvar dag, heile året? Den som vil vera "hands on" og litt i forkant har krevjande arbeidsforhold.

Det enorme talet på kommunikasjonsrådgjevarar i denne regjeringa er eit prov på det. Ei fireparti-regjering med mange personar som kommuniserer meir og mindre avklara synspunkt i sosiale medium er nok meir krevjande enn då SV aksjonerte utanfor Stortinget mot si eiga regjering.

Stortingssamansetjinga har ikkje endra seg sjølv om fleirtalsregjeringa er oppløyst. Eg har inga tru på at Frp i opposisjon vil føre til at definisjonen på «folk flest» vil romma Bygde-Noreg. Det er nok dei urbane strøka som vil få fokus.

Skal me få meir politikk som tek heile landet i bruk må det skje gjennom stortingsvalet neste år. Eg ser ikkje bort frå at det kan koma mindre endringar gjennom mindretalsregjeringa sitt arbeid for å søkja fleirtal i stortinget, men eg trur sentraliseringa held fram.

Annonse

No er det ikkje berre i Noreg at mykje politikk vert kommunisert via sosiale medium. Eit av dei mektigaste landa i verda - USA - har ein president som kommuniserer gjennom Twitter, utan filter.

Det store spørsmålet er om KrF i regjering kan utgjera ein forskjell, eller om er det makta som rår.

Det skræmer meg at eit av dei toneangjevande landa ikkje framstår med meir diplomati. Truleg svekkjer dette USA sin verdsautoritet, og det trengst stabilitet i ei uroleg verda. Om det var klokt å sende ein drone inn i Iran for å gjere ende på ein general kan det ta ei utrygg tid å få svar på. I skrivande stund startar riksrettssaka mot presidenten i USA og det vert nok ein følgjetong med uviss ende.

I Storbritannia driv Boris Johnson framleis med å ta landet ut av EU. Det er ikkje lett å følgje med i alle finurlegheiter som dukkar opp i dette arbeidet. Av og til kan ein lure på kva britane verkeleg vil? At det er moro og sjå på speakeren i parlamentet er sikkert, men om det er effektivt er eg spørjande til.

Ein statsleiar som meg bekjent ikkje kommuniserer via sosiale medium er Kim Il Sung. Han sender opp ein bomberakett for å få merksemd. Elles er verdas finansmarknad noko nervøst om dagen for kva ende det vert på handelskrigen mellom Kina og USA. I Midt-Austen er det framleis mykje uro, sjølv om det ikkje er noko nytt. Summen av mykje av dette er at verda treng meir diplomati og godt politisk handverk og færre busemenn.

Her heime stundar det til mot vårens jordbruksforhandlingar. Me slit framleis med følgjene av strukturgrepa til Sylvi Listhaug i 2014. Kva kan me vente frå regjeringa dette året, som truleg vert dei siste året med forhandlingar om eit oppgjer som kan innehalda store endringar? Neste år er det val, og erfaringsmessig brukar det å vera fredelegare det året.

Det er mykje som tyder på at KrF får sitt å stri med når Frp skal ta att for nederlaga dei meiner seg påført av KrF i regjering. Det store spørsmålet er om KrF i regjering kan utgjera ein forskjell, eller om er det makta som rår.

Det er kanskje på sin plass å sitera Bondevik den eldre; «det er von i hengande snøre».

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Senterpartiet og MDG