Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Er det muleg å ta tilbake den norske vasskrafta?

Mange er opptatt av dette spørsmålet. Straumen frå fossane våre, blir seld til utlandet. Galopperande straumprisar sprenger hushaldsbudsjett som frå før var i knappaste laget. Den kraftkrevande industrien kan bli rasert.

Her fra en demonstrasjon mot høye strømpriser utenfor Stortinget i januar i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Her fra en demonstrasjon mot høye strømpriser utenfor Stortinget i januar i år. Foto: Javad Parsa / NTB

Norge har hatt liknande problem før. Ein tidlegare statsminister hengte bjella på katten. Han sa det var fare for at «den private spekulation vil blive brugt til at overføre verdifulde vandfald paa fremmede hænder, og dette vil jeg anse meget uheldigt.» Denne statsministeren heita Christian Michelsen og var Venstre-mann. Han tok sine eigne ord på alvor og gjorde noko med det.

I mars 1906 la regjeringa hans fram ei ny lov som Stortinget vedtok tre dagar seinare. Både regjeringsmøtet og stortingsmøtet var hemmeleg, for at utanlandske spekulantar ikkje skulle få vite kva som var på gang.

Den nye lova var kort og klar: «Eiendomsret eller brugsret til vandfald her i riget kan indtil videre ikke uden tilladelse, af kongen, erhverves af fremmed statsborger.» Kongen var det same som regjeringa. Denne lova sikra norsk kontroll over vasskrafta og la mellom anna grunnlaget for aluminiumsproduksjon og anna kraftkrevande industri bygd på billig, forurensingsfri vasskraft.

Det gjekk 84 år før Stortinget tok eit skikkeleg oppgjer med den nasjonale energipolitikken frå 1906. I 1990 sende energiminister Eivind Reiten (Sp) ei ny energilov til Stortinget. Han sa sjølv at dette var Europas mest marknadsliberale energilov. Utpå kvelden 11. juni 1990 oppsummerte Odelstingspresidenten: «Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.»

Eit samla Stortinget – frå FrP til SV – vedtok at straumen frå norske kraftverk skulle bli ei vare som skulle omsetjast på ein fri marknad. Omlegginga starta året etterpå. Det tar tid å snu ei tung skute som har stor fart og stø kurs. Men skiftande storting og regjeringa har tatt kvar sin tørn og fått det til.

No er det den nederlansk-eigde kraftbørsen Nordpool AS som kvar dag kl. 13.00 gjer vedtak om kva for ein straumpris du skal betale i morgon.

I dagens storting er Rødt, MDG og Pasientfokus partia som ikkje var med på det samfunnsendrande vedtaket i juni 1990. Statsminister Gahr Støre, finansminister Slagsvold Vedum og energiminister Aasland tilhøyrer parti som den gongen starta prosessen som har ført oss fram til dagens situasjon.

No treng vi ein ny snuoperasjon. Tre tiltak kan vere ein start: Ei ny lov som innfører eit toprissystem for hushaldningane: Ein låg pris for vanleg forbruk i ei hushaldning. Og høg pris for luksusforbruk.

Prisgrensa må vere så høg at det ikkje går ut over familiar som bur i kalde hus som er dårleg isolert. Det andre tiltaket er å fastsette straumprisar for næringslivet som ikkje raserer bedrifter og arbeidsplassar. Det gjeld meire enn den kraftkrevande industrien.

Begge tiltaka krev omlegging av kraftsalet til EU og Storbritannia slik at det ikkje påverkar den straumprisen hushaldningar og bedrifter må betale i Norge.

Stortinget skal behandle «straumkrisa» måndag 19. september. Kor mange folkevalde vil da argumentere for desse enkle, men samfunnsnyttige tiltaka? Eg er redd for at mange folkevalde som ønsker slike tiltak, ikkje vil snakke høgt om det.

Neste artikkel

Jordbruket må krevje tilleggsforhandlingar nå