Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

EØS-avtalen eit springbrett til EU-medlemskap

Verken landet eller folket treng ein Ap-leiar som snakkar om handlingsrommet i EØS-avtalen og som vil knyta Noreg tettare til eit EU-medlemskap.

Leiar i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre, på landsmøtet i Fellesforbundet i oktober. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Statsminister Gro Harlem Brundtland ville at Noreg ved folkerøystinga i 1994 skulle bli medlem av EU. Det kom mange skrekkscenario frå statsministeren sitt kontor, der noverande Ap-leiar Jonas Gahr Støre var statssekretær. Noreg ville miste 100 000 arbeidsplassar dersom det vart nei til medlemskap. Trass i skrekkpropagandaen var ho ikkje sikker på kva det norske folk ville. Men for å knyta Noreg tettast mogleg til det som då heitte EF utan å vera medlem, fekk ho Stortinget til å røysta for eller mot tilslutning til det me kjenner som EØS-avtalen.

Eit stort fleirtal av stortingsrepresentantane røysta ja til dette, sjølv om Noreg på det tidspunktet allereie hadde ein velfungerande handelsavtale med EF.

Som kjent for mange røysta fleirtalet av det norske folk Nei til EU-medlemskap ved folkerøystinga i 1994, slik det hadde gjort ved folkerøystinga i 1972.

EU vil privatisera mest mogleg av offentleg sektor. Konkurranse, sparing og eit arbeidsliv utan for «dyre» arbeidsmiljølover skal sikra arbeidsgivarane mest mogleg profitt.

I dag er Jonas Gahr Støre leiar av Ap og han er framleis tilhengjar av EU-medlemskap. Difor tenkjer han meir på å leggja til rette for EU/EØS enn for den norske arbeidarrørsla og det norske folk.

Dette kom og klårt til uttrykk på Fellesforbundet sitt landsmøte i oktober 2019. Der kunngjorde Støre, stikk i strid med tidlegare fråsegner, at han kunne gå med på ei utgreiing om alternativ til EØS-avtalen, men ikkje sei opp EØS-avtalen.

Fleire Ap-utsendingar til landsmøtet kritiserte Jonas Gahr Støre for tåkeprat og kompromissar med Høgre om Andøya, helikopterbasen på Bardufoss, forsvarspolitikk og fleire av sentraliseringsreformene frå regjeringa.

Ampre utsendingar til Fellesforbundet ytra til og med at Støre måtte kvitta seg med rådgivarkorpset sitt, for dei ville ha partiet og partiideologien sin attende.

Høflegheit hindra dei frå å sei klårt frå at Støre sjølv er med på å øydeleggja partiet og burde trekkja seg som Ap-leiar og statsministerkandidat.

Jonas Gahr Støre sitt engasjement for EØS-avtalen gjenspeglar seg tydeleg i arbeidet hans med å organisera helsetenesta i Noreg etter Foretaksmodellen – heilt i samsvar med EU-EØS sin filosofi om bedriftsøkonomisk styring av offentlege etatar.

Støre lovprisar EØS-avtalen kvar gong han har høve til det og nemner aldri 13000 direktiv frå Brussel som er tatt inn i det norske lovverket. Han nemner heller ikkje handelsavtalen frå 1973 mellom EF og Noreg.

Det er oppsiktsvekkjande at leiaren for Ap vil overlata styringa av landet til marknadskreftene. Han tar ikkje inn over seg at det såkalla demokratiske styresettet vårt krev at det er folkevalde politikarar som skal styra.

Støre har heller ikkje kommentert problema med ambulanseflya i Nord-Noreg, eit problem direkte skapt av EØS-avtalen.

Noreg, eitt av dei rikaste landa i verda, er i ein underleg situasjon. Mykje av dette skuldast EØS-avtalen med fri flyt av varer, tenester, kapital og folk.

Gjennom denne avtalen har regjeringa og stortingsfleirtalet (deriblant Ap, Høgre, KrF, Venstre og Frp) systematisk bygd ned det velferdssystemet og den tryggleiken som politikarane før Gro Harlem Brundtland ville at det norske folk skulle ha.

Dei forvalta dei norske statsinntektene til det beste for folket. Då var det ingen bedriftsøkonom som var meir interessert i botnlina enn i folket.

Solberg-regjeringa formar politikken sin ved å oppretta såkalla ekspertgrupper, konsulterer PR- firma, lyttar til lobbyistar – deriblant NHO - i staden for å lytta til vanlege folk.

Annonse

Når me veit at mange av dei som er i regjeringa eller på Stortinget er akademikarar, burde dei bruka sitt eige hovud og sitt eige hjarta i utforminga av god politikk for folket og for landet. Det ville og ha spart landet for millionar av kroner.

Den respektlause haldninga til folket frå Solberg-regjeringa og stortingsfleirtalet med Støre og Ap, kjem tydeleg fram gjennom overføringa av det norske finanstilsynet til EU sin sentralbank i Frankfurt og kontrollen med den norske vasskraft og energiproduksjon til Acer, EU sitt energibyrå.

Respekten for Grunnlova er heller ikkje så viktig når det gjeld å knyta Noreg tettare opp til EU. Nei til EU i to folkerøystingar gir dei blaffen i.

Når me veit at mange av dei som er i regjeringa eller på Stortinget er akademikarar, burde dei bruka sitt eige hovud og sitt eige hjarta i utforminga av god politikk for folket og for landet. Det ville og ha spart landet for millionar av kroner.

Men sidan dei har «outsourca» den tenkjinga dei skulle ha gjort sjølve utan å ta til motmæle mot ekspertveldet, har regjeringspartia (for det meste med stillteiande velsigning av Ap) sett i gang med;

• Kommune- og regionreform

• Nærpolitireform

• Høgskulereform

• Postreform

• Forslag om nedleggjing av: Tingrettar, skattekontor, Nav-kontor

• Innlemming av Noreg i EU sitt Tryggjingsprosjekt

• Stasjonering av US marines både på Værnes og i Målselv i Troms.

• Nedbyggjing av Andøya som militærflyplass

• Flytting av helikopter frå Bardufoss til Rygge

I tillegg til alle sparereformene har regjeringa og starta ei storstila sparing på velferdsgode til dei av oss som treng det mest.

Framføre stortingsvalet i 2021 kan det vera eit vist trekk å erstatta Jonas Gahr Støre som leiar og statsministerkandidat for Ap. Verken landet eller folket treng ein leiar som snakkar om handlingsrommet i EØS-avtalen og samstundes er med på å knyta Noreg tettare til eit EU-medlemskap.

Noreg skal ha hundre prosent handlingsrom både i innanriks og i utanrikssaker.

No er det på tide å starta byggjinga av landet att og skapa tillit mellom folkevalde og folket.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

I lys av murens fall