Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eksproprier av hjartans lyst, Olaug!

Du, Olaug Bollestad, seier ofte at me pelsdyroppdrettarar ikkje har rett på full erstatning, fordi staten ikkje tek eigedomsretten til arealet frå oss.

Om pelsdyr: Gunnar Dolve og dottera Ingeborg møtte landbruksminister Olaug Bollestad tidlegare i år. Foto: Kari Nygard Tvilde
Om pelsdyr: Gunnar Dolve og dottera Ingeborg møtte landbruksminister Olaug Bollestad tidlegare i år. Foto: Kari Nygard Tvilde

For min del må du gjerne koma og ekspropriera arealet som pelsdyrgarden ligg på!

Før pelsdyrgarden vart bygd var området, i fylgje økonomisk kartverk, blokkrik, utmark med låg bonitet. Både far min og eg har brukt store summar på å tilretteleggja arealet for pelsdyrproduksjon.

Sprenging, graving, vegbygging, høgt gjerde og etablering av straum og frostfritt anlegg for vatn er gjort i den tru at me skulle driva med pelsdyr i lang tid framover.

Annonse

Verdien av desse investeringane er no nær null, og eg ser ikkje kva nytte me kan få av anlegga. Området har status som LNF i kommuneplanen, og rett over går det ei høgspentlinje hengt opp i monstermaster.

Kan reiseliv, cannabis, lager for campingvogner eller juletreproduksjon vera eigna her? Du er sikkert meir kreativ enn meg.

Eg vil difor gje denne utfordringa vidare til deg, Olaug. Eksproprier arealet, så får det vera opp til deg å finna ei lønsam utnytting av det!

Under tvil skal eg gje deg vegrett for gråtassen og trillebåra di.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dyrevernorganisasjonar jublar over polsk lovforslag