Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit tak på 500.000 liter gir rom for fleksibilitet

Eitt av argumenta mot redusert kvotetak, er at det vil knebla bønder med stor ekspansjonslyst. 500.000 liter er framleis ganske mykje mjølk.

Kvotetak? Ved å halda drifta på eit lågare nivå, får ein betre tid til god dyrevelferd, god agronomi og vedlikehald av bygningar og maskinar, skriv Kåre Søyland. Foto: Mariann Tvete
Kvotetak? Ved å halda drifta på eit lågare nivå, får ein betre tid til god dyrevelferd, god agronomi og vedlikehald av bygningar og maskinar, skriv Kåre Søyland. Foto: Mariann Tvete

Nationen 30. oktober har eit oppslag der enkelte kvotemeklarar uttrykkjer seg negativt til kvotetak på 500.000 liter kumjølk. Dei legg stort sett berre vekt på ulempa med å avgrensa volumet.

Men noko av det viktigaste eg lærte på jordbruksskulen, var at ein lever ikkje av omsetninga. Det er det ein sit att med etter at kostnader er trekte frå, som tel.

Ein robot kan nok takla ei kvote på 600.000 liter og meir enn det. Men det har også sin pris. Seinmjølka kyr må utrangerast, og ein må vera på plass og ordna opp med ein gong roboten stoppar. Beiting kan ein stort sett gløyma, viss ikkje jorda ligg heilt inntil fjøsveggen.

Annonse

Eit tak på 500.000 liter gir rom for fleksibilitet. Ein kan kanskje godta at kyrne er ute på beite ei stund, og ikkje utnyttar roboten maksimalt.

Eitt av argumenta mot redusert kvotetak, er at det vil knebla bønder med stor ekspansjonslyst. 500.000 liter er framleis ganske mykje mjølk.

Det er ikkje mange bønder som har jordgrunnlag til dette rundt dørene. Lønsemda i fôrdyrkinga går fort ned når avstanden aukar. I tillegg er det dei færraste av mjølke-produsentane som eig ei så stor kvote. Ein kan spara mykje viss ein slepp å kjøpa eller leiga kvote til dei prisane som gjeld mange stadar i landet.

Det norske jordbruket er meir enn nokon gong avhengig av tillit frå forbrukarane. Fleire gardar i drift og kyr på beite er med på å halda oppe denne tilliten. Ved å halda drifta på eit lågare nivå, får ein betre tid til god dyrevelferd, god agronomi og vedlikehald av bygningar og maskinar.

Neste artikkel

Bønder får mindre kvotekutt enn venta på mjølk neste år