Ei ny regjeringsplattform er lagt fram. Med ei ny regjeringsplattform på plass er det som vanleg også duka for ei rekkje nye utgreiingar og utval.
Samstundes vert det innleiingsvis i den nye plattforma slått fast på side 7. at "Målet om å ta hele landet i bruk skal være gjennomgående i regjeringens prioriteringer og avgjørelser."
Dette bodskapet har over tid vorte repetert frå dei to partia lenge, ikkje minst i valkampen.
Samstundes veit vi at den geografiske samansetnaden av statleg utval, NOU`ar, råd og styrer ikkje er skeiv, og at representativ. Det går med anna fram i denne saka frå NRK frå 2019 og fleire andre saker også her i Nationen, og vi veit at denne tematikken er noko som engasjerer rundt om kring i landet.
Denne type arenaer og prosessar er viktig for å forme og utmeisle framtidig politikk, og det er etter mitt syn viktig at ein sikrar at perspektiv frå heile landet vert fanga opp og er med i denne type arbeid. Eit viktig mål for den nye regjeringa bør difor vera å få gjort nokre tydelege grep på dette feltet.
Eit smart fyrste grep for å i større grad "ta heile landet i bruk" vil difor etter mitt syn vera å sikra ei betre geografisk samansetnad av statleg utval, NOU`ar, råd og styrer. Det kan dei gjere med å raskt utmeisle tydelege prinsipp, og gjennom å sende tydelege signal til byråkratiet som arbeider med å finne medlemmar.