Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit raudgrønt skifte i språkpolitikken?

Jonas Gahr Støre og ei ny raudgrøn regjering kan sikre ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Vil dei gripe sjansen?

Om partia som no sonderer om ny regjering, leverer den nynorskpolitikken dei har lova, vil dette kunne bli ei historisk regjering for nynorsken, skriv Peder Hauge. Her Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Audun Lysbakken. Foto: Torstein Bøe / NTB
Om partia som no sonderer om ny regjering, leverer den nynorskpolitikken dei har lova, vil dette kunne bli ei historisk regjering for nynorsken, skriv Peder Hauge. Her Jonas Gahr Støre, Trygve Slagsvold Vedum og Audun Lysbakken. Foto: Torstein Bøe / NTB

Kven som skal sitje rundt Kongens bord, er framleis uvisst. Men om partia som no sonderer om ny regjering, leverer den nynorskpolitikken dei har lova, vil dette kunne bli ei historisk regjering for nynorsken.

Namnet Jonas Gahr Støre kan bli skrive med store bokstavar i det neste kapittelet av norsk språkpolitisk historie.

Tidlegare i år vedtok Stortinget ei ny språklov som slår fast at det offentlege aktivt skal styrkje nynorsk. Ho gir viktige føringar for all politikkutforming i åra som kjem. Det er all grunn til å ha enorme forventingar til Gahr Støre og dei han tar med seg ut på Slottsplassen og inn i regjeringskontora.

Alle dei raudgrøne partia har gått til val på ein offensiv nynorskpolitikk, og det er umogleg å sjå for seg at ei ny Støre-leia regjering ikkje skal føre ein betre politikk for nynorsken enn Solberg-regjeringa.

Her er leiar i Arbeiderpartiet Jonas Gahr Støre og leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. Foto: Noregs Mållag
Her er leiar i Arbeiderpartiet Jonas Gahr Støre og leiar i Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge. Foto: Noregs Mållag

Støre var sjølv leiar for Ap sin programprosess før årets val, og har sagt at nynorsk er noko “vi i Arbeidarpartiet i vårt program veldig tydeleg seier vi skal satse og ta vare på i perioden vi går inn i”. Støre har rett.

2021-utgåva av Arbeidarpartiet er meir nynorskvenleg enn vi har sett før – både i lovnadene til veljarane og i ekte politikk på Stortinget. Arbeidarpartiet stod klar til å gjere den nye språklova betre for nynorsken i vår, og kulturpolitisk talsperson Anette Trettebergstuen sa til Norsk Tidend at Ap kjem til å jobbe for ei betre lov om dei skulle kome i posisjon etter valet.

Annonse

Lova blir ikkje sett i kraft før 1. januar 2022, og styrking av lova bør stå på 100-dagarsplanen til den nye regjeringa.

“Det er ein rikdom for eit land å ha eit eige skriftspråk, og i Noreg har vi ein endå større rikdom sidan vi har to likeverdige skriftspråk”, sa senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum i valkampen.

Snart kan han få makt til å sikre at likestillinga mellom bokmål og nynorsk blir reell. Dei tre partia som no sonderer om regjeringsmakt, er samde om at opplæringslova er ei sentral språklov. Ho skal reviderast i perioden vi no går inn i. Då får dei høve til å innfri viktige nynorskløfte i skulepolitikken: Sidemålsordninga må bli betre, retten til opplæring på eige språk må også gjelde ungdomsskulen, og nynorskelevane må få lik rett til og tilgang på digitale læremiddel som bokmålselevane.

Skal alle elevar få kunnskap og kompetanse i heile den norske språkskatten, må vi utdanne språkmektige lærarar som kan drive opplæring i og på nynorsk.

Arbeidarpartiet har sagt at no er det vanlege folk sin tur. Mellom vanlege folk finn vi eit mangfald av mindretal. Ulike menneske som lever ulike liv. Som skriv både bokmål og nynorsk, som dekkjer alle tenkjelege dialektvariasjonar frå heile Noreg eller har ein annan språkbakgrunn. Språkleg mangfald, rettferd og fridom er avgjerande i møte mellom menneske – og mellom folket og det offentlege Noreg.

Det er viktig å “velje folkevalde som er villige til å stå opp for nynorsken” sa SV-leiar Audun Lysbakken i valkampen og lova at SV skal vere ein god alliert for målfolket også i denne perioden.

Det er eit godt frampeik for samtalane på raudgrøn side. Den språkpolitikken regjeringa no meislar ut, vil vere med på å teikne ein høgare himmel over Støre sitt regjeringsprosjekt: Ei regjering for vanlege folk i heile Noreg som har omsut for heile det norske språket.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Landbrukets klimaregning