Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit oppgjer med fri fart i landbrukspolitikken

Brotet i jordbruksforhandlingane kom seint, men godt.

Aksjon: Bønder aksjonerte mot statens tilbod i jordbruksoppgjeret foran Stortinget i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB
Aksjon: Bønder aksjonerte mot statens tilbod i jordbruksoppgjeret foran Stortinget i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB

Sylvi Listhaug og Frp kom i regjering med Høgre i 2013. Da vart det ei radikal omlegging av strukturen i norsk landbruk. Sidan da har omkvedet vore volum og ei dramatisk auke i tillatt storleik på til dømes mjølkekvoter.

Resultatet har vorte overproduksjon, mindre lønnsemd og ei landbruksnæring med ein gjeldsgrad som er alarmerande høg.

Landbruksminister Olaug Bollestad uttrykkjer at ho er særs skuffa over bøndene og faglaga som ikkje vil forhandle. Bollestad får vera så skuffa ho berre vil. Ho og KrF har sjølve vore med på å støtta opp under denne politikken og bør være mest skuffa over seg sjølv. Det var ei rett avgjerd av Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget å bryte forhandlingane!

Fråfallet av norske bønder blir stadig større. Sidan Høgre/Frp kom til makta har talet mjølkebruk vorte dramatisk redusert. Over 350 mjølkebruk har vorte borte kvart einaste år på vakta til Erna Solberg. 10.000 mjølkebruk har vorte til vel 6900 mjølkebruk på åtte år. Ideologien om «fri fart» og at markedet fikser alt, fungerer heller ikkje innanfor landbrukssektoren.

Annonse

Dette har store konsekvensar ikkje minst for distrikta. For kvart gardsbruk som blir nedlagt går arbeidsplassar og verdifull lokal verdiskaping tapt. Tenk berre på kor mykje eit gardsbruk handlar lokalt av varer og tenester i løpet av eit år.

Stortinget har vedtatt at all ku og ammekuproduksjon skal over i lausdrift innan 2034. 2034 er i realiteten i morgon! Nå må Stortinget ta ansvar og følgje opp konsekvensane av sitt eige vedtak og sørgje for at det blir løyvd pengar til denne omstillinga. Det er framleis 60 prosent av mjølkebøndene som ikkje har lagt om til lausdrift.

Ein galopperande prisvekst for landbruksbygg, kombinert med dårleg lønnsnemd i landbruket, gjer at mjølkebønder i realiteten får næringsforbod om det ikkje blir tatt grep. Derfor var kravet frå bondeorganisasjonane om 450 mill. kr til ombygging mjølkebruk høgst reelt.

I denne samanhengen er det verdt å nemne at Høgreregjeringa og Frp har sørgd for å legge ned pelsdyrnæringa i Norge. Ingen av dei 200 bøndene som har fått næringsforbod har fått erstatning enda. Dette viser ei regjering som ikkje tek ansvar for eigne vedtak.

Det krevst ei storstilt strukturendring av norsk landbrukspolitikk! «Volumpolitikken» til regjeringa fungerer ikkje. Bøndene må få betalt for jobben dei gjer, og risikoen dei tek med å produsere norsk mat på norske ressursar i heile landet. Blant anna må bøndene få ein større del av kaka som daglegvarekjedene stikk av garde med i dag.

Dette handlar og om beredskap og evna til å vera mest mogleg sjølvforsynt med eigen mat. Fortsett utviklinga som dagens regjering legg opp til blir det ikkje berre sukkertøy og smågodt som blir mangelvare i ein krisesituasjon.

Eksistensgrunnlaget for små og mellomstore bruk må styrkes! Vi kan ikkje ha ein landbrukspolitikk der gardar må sluke kvarandre for å overleva. Det skal være lønnsemd i å produsere mat basert på ressursgrunnlaget kvar enkelt gard har til rådigheit. Da kan ein og begynne å ta i bruk ordet berekraft!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Viser vei utenom matjorda