Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit oljefond på villfaring

Etter demokratiet kjem vel demokraturet?

Oljeproduksjon. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ein lyt spørje seg om ikkje det burde ha vore folkeavstemming i nasjonale verkemiddel – og investeringsfridomar – når me alle medborgarar her i landet har nær 9000 milliardar på bok i Norsk Pensjonsfond Utland.

Klassekampen, Nationen og NTB viser i desse dagar til: «Heretter blir det lovfestet at NPU – Oljefondet kun skal investeres i utlandet. Forslaget til ny sentralbanklov er til behandling i finanskomiteen og skal stemmes over 12. juni.»

Kvar og ein nordmann lyt kanskje vakna noko når berre dei dryge to vekene står att? Om det vesle demokratiet og næringslivet me endå har til å organisere sterkt turvande, forstandige regionale og nasjonale investeringar – om me skal rekke å få et grønt omskifte? Berre eit slikt lite klimaskifte må vite?

Vel, velferdsstaten er ikkje gratis. Det veit slike statsforbund som det svenske og det finske, som ikkje har vår oljeutvinning. Difor har dei for fleire år sidan investert tosifra milliardar kroner i trevirke/biomasse i pakt med det ein mest lyt kalla ein kollektiv innsats for å kunna gje morgondagen sine innbyggjarar nokon velferd: Det gjer industri, det skapar forsking i å produsere varme, som og allehande flytande produkt i form av oljer, medisinar og mykje, mykje meir enn knapt ein gong kan seie vårt utmerka bedriftskompleks som Borregård har utvikla ferdig enno.

Annonse

Ein hugast den tida, ifølge Klassekampen, da industriminister Finn Lied, Ap, la opp til jernproduksjon: Då ein som han i politisk leiarposisjon, fekk i gang eit godt samvirke land og strand rundt med industri den gongen ein kalla slike bedrifter ‘nøkkelsteinsbedrifter’. Men det var då.

Poenget vårt her var og er at Ap-politikken sytte for at leiande sosialdemokratiske politikarar gjekk ut i samfunnet til næringane o.a., og la opp til den naudsynte statsstøtta ein i den nære etterkrigstida trong for å få opp næringsdrift og velferd for alle. Ein historikar, anten ein engasjerer seg i aktiv sosialdemokratisk samfunnspolitikk eller ei – skribenten her går for Senterpartiet – skal merka seg at Ap-leiar Jonas Gahr Støre for nokre få månader sida nekta plent å gå for støtte til tømmeromsetning eller avventande norsk trevirkeindustri. Eg meiner det var og er heilt feil.

Ja, om ein røder om eitt eller anna trevirke til oppfyring i hus og heim, som også i fritidsbustader: Det er kan hende ikkje så heilt dumt at ein historisk-filosofisk skribent i samtida si heng litt med i eit praktiske nyhende: For opp oppvarming med flis og trepellets, som kom litt førre millennium, var det igjen tyskarane og svenskane som låg foran i løypa.

Etter 2003 gjekk eg inn på lageret til Gausdal landhandleri, og tok til med eit oppkjøp av ein pelletomn. Med tida blei det til 3–4 stykk, og attmed dei ein som fann vegen fram til ei hytte. Det er m.a.o. snart sytten år sida ein fann fram til at det eksisterte ei økologisk form for fyring, Hytteentreprenøren ville ikkje høyre på det øyre – den gongen. Men nå, i 2019, når straumprisane skyt i vêret, då spelar låten hjå mannen ganske andre tonar; nå er det snautt anna å høyre frå den kanten, enn at pellet er så økologisk som noko kan vera!

Skal tru me frametter vil halda fram med å få oss demokratiskapt velferd? Folk som les desse linene, lyt for alvor gå inn på at heile framtida vår er avhengig av at det i heile landet i ein heilt annan målstokk blir investert i viktige næringar.

At vår arbeidsstokk kjem til å bygge grøn industri, som sjøvindbaserte kraftinstallasjonar, lyntogbanar som eit regionsbasert fiske med kystfolket vårt i åra frametter?! Men nå: Om folk blir sitjande musestille og ikkje ser at desse sakene går om framtida vår, men kastar kapitalen utor landet, då er dette eit så avgjerande og prinsipielt ordskifte at ein må snakka om at toget kan ha gått.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kommunene bør berømmes for klimavedtak