Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit kraftig angrep på Distrikts-Noreg

Forslaget om å legge om skattlegginga av vasskraftverk, må stoppast.

Regjeringsutvalet som har vurdert skattlegging av vasskraftverka, har kome med eit kraftig angrep på distriktskommunar, skriv lesarbrevforfattaren. Her er Erna Solberg på båttur i New York. Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

Innhaldet i rapporten frå utvalet som har vurdert skattlegging av vasskraftverk, er nedslåande lesnad for dei 175 vertskommunane for vasskraftproduksjon. Ei hundre år gammal ordning står for fall. Går forslaget gjennom, får det alvorlege konsekvensar for distriktskommunar som alt nå slit meir enn nok med å halde hovudet over vatnet.

Om staten dreg inn konsesjonskraftinntekter, eigedomsskatt og konsesjonsavgift, vil det for Skjåk kommune utgjera eit inntektstap på om lag 26 millionar kroner. Årleg. Det kan medføre ein reduksjon av om lag 37 årsverk. Som vil føre til alvorlege konsekvensar for dei kommunale tenestene. Og ikkje minst busetnad.

Det var nettopp levevilkår og busetnad i distriktskommunar som låg i botnen for innføring av særreglane for kraftinntekter til vasskraftkommunane. Avkall på natur gjennom ned-demming, tørrlegging, skade på fiske, det visuelle, økosystem og anna vart lovfesta kompensert gjennom skattlegging av vasskraftverk.

Annonse

Dette var avgjerande for starten på den store vasskraftepoken som vart så viktig for bygging av landet vårt. Gjennom kraftinntekter til kommunane opna det for ei oppblomstring av nye kraftverk og industrivekst. Det handla om ein vinn vinn-situasjon; kompensasjon til vertskommunane og produksjon av rein energi til storsamfunnet.

Ein kan berre tenkje seg korleis Distrikts-Noreg hadde sett ut i dag utan kraftinntektene. Dersom forslaget blir vedteke, vil dette vera eit dramatisk brot på den hundre år gamle samfunnskontrakten mellom stat, kraftutbyggar og vertskommunar. Vi veit at vasskraftutbygging er kapitalkrevjande og langsiktig. Hovudoppgava for utvalet har vore å vurdere om dagens vasskraftskattregime hindrar gjennomføring av samfunnsøkonomisk lønsame tiltak i vasskraftsektoren.

Er det da slik å forstå at kraftverkeigarar gjennom fleire tiår med god inntening ikkje har avsett midlar til opprusting? Om så, er det da rett at det er vertskommunane som skal ta støyten gjennom fråfall av kraftinntekter? Hadde det ikkje vore lønsemd i nye vasskraftprosjekt, kunne ein vanskeleg sett for seg verksemder satse på den type energi. Men det er faktisk kraftselskap som også i dag investerer i små og store vasskraftprosjekt.

Vi har sett konturane for det som er i vente lenge. For Skjåk førte endringa av grunnrenteskatten for rundt to år sidan til årleg bortfall av rundt 1,4 millionar kroner. Dette skjedde altså i eitt jafs. Slikt svir. Blir det som utvalet tilrår, vil det med avvikling av konsesjonskraft og konsesjonsavgift, samt «normalisering» av eigedomsskatten, bli smalhans for ein kommune som Skjåk.

Korleis dette kan kompenserast, er det umuleg å sjå for seg. Full kompensasjon er det berre å skyte ei kvit pil etter. Der er ikkje dagens regjering. Derfor må forslaget stoppast!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Den tredje statsmakt og domstolskommisjonen