Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit framoverretta landbruk

Det er fort gjort å gå på trynet.

Liv laga: Innsendaren er kritisk til Bondelaget sine store vyar. Foto: Lars Bilit Hagen
Liv laga: Innsendaren er kritisk til Bondelaget sine store vyar. Foto: Lars Bilit Hagen

I Nationen 7.april kan me lesa at leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, meiner at Småbrukarlaget sitt krav om å skrota lausdriftkravet, ikkje er framoverretta.

Å vera framoverretta, eller framoverlent som sume seier, er vorte eit mantra hjå mange som har meiningar om samfunnsutviklinga.

Annonse

Denne haldninga har og vore rådande i Bondelaget i lang tid. Frå Nils Valla på 80-talet meinte at det var landbruket si oppgåva å produsera mat ved hjelp av dei til ei kvar tid tilgjengelege vitskaplege nyvinningar, til Sylvi Listhaug i 2015 takka Bondelaget for å signera ein jordbruksavtale som vidareførde strukturrasjonaliseringa og omfordelinga av overføringar frå små og mellomstore bruk til dei største.

Innføring av botntrekk og mjølkebørs har likeeins vore steg på vegen mot dette «framoverretta» landbruket.

Eitt ser eg: Lenar du deg langt framover, er det fort å gå på trynet. Kva med å bruka litt sunt bondevit?

Neste artikkel

En veterinærs hverdag