Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein uansvarleg allianse

Dyrevernalliansen krev å bli trudd på at dei er kvite riddarar i et korstog for dyra, til beste for norske bønder. Eg har mine tvil.

Triksing med fakta fremjar ikkje dyrevelferd, skriv Kjell Rakkenes, konserndirektør i Nortura. Foto: Tanita Kveinå
Triksing med fakta fremjar ikkje dyrevelferd, skriv Kjell Rakkenes, konserndirektør i Nortura. Foto: Tanita Kveinå

I fylgje Nettavisen tek Dyrevernalliansen imot ein million kroner i sponsorpengar frå ein kyllingprodusent berre i år. Som ein del av tilbakebetalinga går alliansen til åtak mot dei som ikkje gjev økonomiske bidrag eller retter seg etter deira regler.

Dei som ikkje føyer seg får ikkje «grønne smilefjes» med helsing Dyrevernalliansen, fortel dei til Nettavisen for tre veker sidan. Produsentar som ikkje blir premierte med grøne og smilande andlet er ikkje dyrevenlege, seier kommunikasjonssjefen i Dyrevernalliansen til avisa.

Dyrevernalliansen har laga sine eigne reglar for dyrevelferd som dei meiner er betre enn lovar og forskrift som er utarbeidde av norske myndigheiter og forskarar dei siste tiåra.

Det kan verke som at dei som ikkje dansar etter Dyrevernalliansen sitt pipespel er dårlege på dyrevelferd, skal ein tru utspela frå dyrevernarane som no er travle med å reklamera for kyllingen Hubbard 787.

I sist veke avslørte Nationen eit oppsiktsvekkande inhabilitet og samrøre mellom ein inspektør i uavhengige Mattilsynet og ein av produsentane av den moderat sakteveksande kyllinghybriden.

Og på laurdag sist veke fortsette PR-krigen. Dyrevernalliansen går til åtak mot alle som ikkje innrettar seg etter deira krav.

Eg er glad for alle som ynskjer å bidra i dugnaden for betre dyrevelferd i Noreg, men er bekymra når eg at eit årelangt samarbeid er i ferd med å bli til krig.

I Noreg er den gode dyrevelferda tufta på eit unikt offentleg-privat samarbeid, eit samarbeid mellom politikarar, myndigheiter, veterinærar, bønder og næring. Arbeidet har halde fram i generasjonar. Det har vore regelstyrt og føreseieleg. Det har sytt for at dyra har det bra og at norske forbrukarane har ein heilt unik tillit til matproduksjonen i Noreg.

Annonse

Det regelstyrte og systematiske arbeidet med dyrevelferd har gjeve særs gode resultat for rasen som kampanjen kallar for «vanleg kylling». På avgjerande område viser våre tal for 2019 og 2020 at «den vanlege kyllingen» er nær identisk med den moderat sakteveksande Hubbard 787 på parametrar som dødelegheit, trøputescore og kassasjonar. I ein fersk utgreiing frå forskarar i Storbritannia går det fram at Nortura sin «vanlege kylling» har lågare dødelegheitstal enn dei moderat sakteveksande rasane.

Eg er glad for aktørar som lukkast med dyrevelferd etter at dei skiftar rase, men forsking og kunnskap viser at dyrevelferd og helse på kylling handlar om mykje meir enn rase.

God dyrevelferd handlar meir om føreseielege og systematiske forbetringar og bønder som røktar dyra godt enn rase.

Triksing med fakta fremjar ikkje dyrevelferd. Den norske modellen for dyrevelferd er ein dugnad og er eit fellesgode for norsk landbruk. Når korsfararane devaluerer den norske modellen berre for å framheva seg sjølv, gamblar dei ikkje berre med den regelstyrte dyrevelferda. Dei gamblar og med framtida og konkurransekrafta til den norske bonden og kyllingprodusenten.

I krigen verkar det som Dyrevernalliansen gjev blankt blaffen i den norske dugnadsmodellen. Dei tenkjer bere på seg sjølv. Dei skit i reiret, og gløymer at kyllingen sin velferd ikkje er eit PR-stunt men eit kontinuerleg forbetringsarbeid kor alle må ver med. I arbeidet med å forbetra dyrevelferda har sponsorpengar og eigeninteresser ingen plass. Det er ikkje ein konkurransearena eller ein talarstol for å fremja seg sjølv.

Arbeidet for god dyrevelferd er ein regelbunden dugnad kor alle aktørar deltek på like vilkår. God dyrevelferd skapast av fagfolk, politikarar, myndigheiter, bønder og næringa i ein felles dugnad. Det er ikkje opportunistar i skjulte nettverk, uansvarlege alliansar og sponsorpengar som skal laga reglane for dyrevelferd i Noreg.

Om politikarane framleis ynskjer styringa over dyrevelferda i Norge, må dei kome på banen no. Gjer dei ikkje det mister dei kontrollen over regelbunden og styrt dyrevelferd. Til sjuande og sist går den norske modellen og landbruket si konkurransekraft tapt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dagligvarebransjens prispress må tas vare på