Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein klapp på aksla og eit spark bak

Lars Sigmundstad kommenterer i den 16. mai Nortura sitt innspel i samband med høyringane om «Lov om forbod mot hald av pelsdyr».

 Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Fyrst av alt vil eg takka for oppløftande og gode ord om innspelet frå Nortura. Det varmar i ei tid kor argument om dyrevelferd sit laust og temaet er populært i det offentlege ordskifte.

Og takk og pris for det. Nortura og det norske landbruket er og har alltid vore ein sterk forsvarar av god dyrevelferd. Me har hatt eit godt privat-offentleg samarbeid om utvikling av reglar og tilsyn som har gjort norsk landbruk leiande i verda på dette området.

Dei siste åra verkar det som om marknaden har fått same interessa for dyra sitt velferd. Nortura er av den formeining at me skal vera takksame for at folk no interesserer seg for dyrevelferd. Godt dyrehald er det beste argumentet for norsk egg og kjøt. Merksemd omkring temaet bidreg til å styrkje konkurransekrafta til norsk egg og kjøt.

Men me må ver på vakt. Skal me lukkast i det vidare, må me arbeida for den regelstyrte dyrevelferda med ei tredeling av ansvar mellom lovgjevar, tilsynsmyndigheit og landbruket og kor utviklinga av enno betre metodar for dyrehald vert styrt av fagfolk. Så må me i Nortura greia å kommunisera det faglege på ein måte som gjev oss tillit frå folk, politikarar og kundar.

Samstundes som Sigmundstad gjev ein varm klapp på aksla, gjev han og eit spark bak.

Annonse

Han saknar Nortura si toretale for eggprodusentar som har mått kasta ut nye miljøbur, utan at reglane er endra eller det gjev betre dyrevelferd.

Me forstår godt frustrasjonen. Den har me kjend på sjølv, men er ikkje samd i konklusjonen. Nortura har brukt mykje tid på denne saka og har ikkje berre vore ein passiv tilskodar.

For det fyrste kom kravet om egg frå frittgåande høner ikkje frå lovgjevar, fagfolk eller Mattilsynet, men frå marknaden. Det har ikkje vore høyringar og offentlege utgreiingar om miljøegg. Endringa er tvungen fram på høgst uformelt vis.

Me har delteke i diskusjonen i media, vore i debattmøte, hatt møte med dei politiske partia på Stortinget, bedt regjeringa gripa inn og appellert til landbruks- og veterinærmyndigheitene. Nortura har i fleire jordbruksoppgjer bedt partane finna finansiering til dei som vert ramma av det urettvise kravet om nok ein gong å investera i nytt produksjonsutstyr. Me har bedt om endringar til tildelingskriteria til Innovasjon Noreg slik at det vert eins handsaming av investeringsstøtte frå produsentar over heile Noreg.

Me har òg arbeidd mot industrien og handelen. Når det ikkje var mogleg å stoppa krava frå marknaden, har heldigvis fleire av kundane våre bidrege positivt for å få til litt betre løysingar for produsentane som må omstilla.

Nortura veit at dette ikkje er godt nok. Godt nok hadde vore at me framleis hadde to sidestilte produksjonsformer for egg i Noreg. Det ville ikkje marknaden ha. Me skal heller ikkje påstå at me har vore verdsmeistrar i problemløysing og at det ikkje hadde vore ein betre veg. Men eg veit at Nortura har brukt store ressursar for å få til ei god løysning, til beste for bonden, kundane og dyra.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

En veterinærs hverdag