Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein fortvila diskusjon

Noreg treng sine to grøne parti meir enn noensinne.

Val: Når kjøtet ikkje er miljøvenleg – skal vi droppe kjøtet, eller gå over til å produsere det miljøvenleg? Foto: Colourbox
Val: Når kjøtet ikkje er miljøvenleg – skal vi droppe kjøtet, eller gå over til å produsere det miljøvenleg? Foto: Colourbox

Det går ein ildfull og fortvila diskusjon mellom landbrukets forkjemparar i næringa og i miljørørsla. Med store ord, harde liner og fyndig retorikk ildnast hjorden opp og fortvilelsen på fjøsgolvet breiar seg. Bak kontorpulten i Oslo kan Reitan og Hegnar nyte sin automatkaffi og sjå på landbruksteateret med gratisbilett medan handlingsrommet for kapitalkreftane vidast ut dag for dag.

Annonse

Men lat oss no endeleg snakke saman! Eg merkar meg Harald Moskvil og Margit Fausko si forståing av samanhengane i matproduksjon og ressursforvalting. Og eg merkar meg laurdagens (11. januar) innlegg i Nationen av Une Aina Bastholm. Produksjonsanalysa er tilnærma heilt rett! Landbrukets mål må vera sjølvforsyning av sunn mat, produsert slik at korkje dyr, bønder eller miljø treng li meir enn høgst naudsynt. Noregs store fortrinn er grovfôret, den kalde sjukdomsdempande vinteren og den rike tilgangen på vatn frå himmelen. Dette er mål miljørørsla og landbruket båe kan, bør og vil stå saman om.

Det som skurrar til og ødelegg samarbeidsklimaet er måten vi pratar til kvarandre. Ja - vi pratar TIL kvarandre og ikkje MED kvarandre. Vi peikar på problema vi ser i kvardagen, heller enn å diskutere opphavet til problema. Når kjøtet ikkje er miljøvenleg – skal vi droppe kjøtet, eller gå over til å produsere det miljøvenleg? Når økonomien er dårleg – skal vi kutte prisen på det vi brukar mykje av (kraftfôr, disel og betong) eller skal vi legge opp drifta slik at vi kan klare oss med mindre av dette?

Vi må gjera endringer i mønsteret. Vi må rette prisar og tilskot slik at hausting av norske ressurser lønar seg. At god dyrevelferd løner seg. At sunn jordkultur løner seg. At variert ressursutnytting løner seg. At karbongjærrig drift løner seg. At bonden får ein leveleg arbeidskvardag og eit anstendig innkomme. Vi må snakke om mål i taler og overskrifter, og så kan vi diskutere metode i forhandlingar. Og eg vonar det blir mykje forhandlingar mellom oss dei kommande åra. Noreg treng sine to grøne parti meir enn noensinne, og det er i forhandlingane mellom oss to vi vil finne løysingane som kan føre landet inn i den grøne framtida.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Har vi gløymt naturfagpensum?