Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein ekstra skatt på sjukdom

Eigenandelar på helsetenester er ein ekstraskatt på sjukdom, som må fjernast. Eg har kjempa for å få fjerna eigenandlane i mange år, utan å ha nådd fram i det politiske systemet.

Eigenadelane er mest tyngande for den som tener minst og vil slik også kunne vere avgjerande for enkelte om ein kan søke legehjelp i tide, skriv Kolbjørn Gaustad. Foto: Mostphotos
Eigenadelane er mest tyngande for den som tener minst og vil slik også kunne vere avgjerande for enkelte om ein kan søke legehjelp i tide, skriv Kolbjørn Gaustad. Foto: Mostphotos

Solbergregjeringa la i sitt budsjettframlegg for 2022 opp til å auke eigenandelstaket på helsetenester. I den nye regjeringserklæringa frå Hurdal heiter det at regjeringa vil halde eigeandelane på eit lågt nivå med fritak for eigenadeler for helsetenester for ungdom. Dette er eit steg i rett retning, men ikkje godt nok.

Hurdalserklæringa ber bod om at ein er på sporet og kan kome på rett politisk veg om ein vil. Som eit av verdas rikaste land er det uverdig med ein slik ekstra skatt på den som vert råka av sjukdom, medan den som er frisk og ikkje treng helsetester, slepp denne ekstraskatten.

Eg høyrde for mange år sidan eit radioprogram om korleis vi kunne bruke oljeinntektene våre utan at det vart eit press på vår nasjonaløkonomi og ein av ekspertane uttala at ein kunne bruke meir på helsesektoren utan å skape inflasjon i økonomien.

Eigenadelane er mest tyngande for den som tener minst og vil slik også kunne vere avgjerande for enkelte om ein kan søke legehjelp i tide.

Annonse

Ei regjering for vanleg folk? Hurdalserklæringa startar med å slå fast at valet i 2021 handla om kva slags samfunn vi vil ha. ”Resultatet ga eit historisk sterkt fleirtal for ei ny og meir rettferdig kurs for landet.

Vanleg folk i heile landet vil at deira liv, utfordringar og interesser igjen skal stå øvst på dagsorden. Det beste med Norge er den høge tilliten vi har til kvarandre, og det sterke fellesskapet som bind oss saman. Små skilnader mellom folk og eit levande folkestyre har gjort Norge til eit av verdas beste land å bu i.

Aukande avmakt tenester som vert privatisert og sentralisert og aukande ulikskap tærer på tillit, tryggleik og samhald” kan vi lese i den nye regjeringserklæringa frå Hurdal.

Intensjonen er eit godt argument for å fjerne dei usosiale eigenandelane, som vi har slite med i alt for lang tid. Den som har vore sjuk har fått evna til å kunne gle seg over det største av alt: Å få vere frisk. Denne gleda gjer det lett å dele skattebøra for eigenandelane på alle!

Vonar å nå fram med dette synet i det nyvalde Stortinget, slik at eigenandelane ikkje berre vert halde på eit lågt nivå, men ver nulla ut og fjerna!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Næringsministeren ønsker mer gjenbruk – vil forenkle regelverket for brukthandel