Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein bonde sin kvardag – sett frå heimekontoret

I vinter tok eg med kontoret og rømte frå eit koronastengt Oslo, til garden eg kjem frå på Voss.

Ein bonde i familien: Innsendaren har vært i eksil frå byen og sett arbeidskvardagen til far sin. Foto: Privat
Ein bonde i familien: Innsendaren har vært i eksil frå byen og sett arbeidskvardagen til far sin. Foto: Privat

Frå vindauga på borteheimekontoret har eg fulgt med på arbeidskvardagen til ein bonde, far min. Det har gjort inntrykk.

Far min driv ein gard med rundt førti vinterfôra sau. Det blir godt over hundre på våren, når lamma kjem. Tidleg om morgonen går han i fjosen for å fôre dyra. I vinter såg eg ofte fotspor til fjosen i snøen, lenge før heimekontordagen starta.

I løpet av dagen driv han med forefallende arbeid, der han vekslar mellom å vere byggdriftar, mekanikar, reknskapsførar, og sjef for veg og vatn. Utpå ettermiddagen er det kanskje tid til ein liten kvil, før det er ny runde med fjøsstell i kveldingen. Ein siste runde for å sjå om dyra, blir tatt etter Kveldsnytt. Så er det nokre timar på øyret før dagen startar igjen, grytidleg.

Dette høyres kanskje idyllisk ut for mange. Det må eg innrømme at eg har tenkt sjølv - eit enkelt liv på landet liksom. Det er berre ei stor utfordring. Det lønnar seg ikkje. Heilt bokstaveleg.

Utgiftene er større enn inntektene. Utgifter til maskiner, fôr, utstyr, vedlikehald, straum og forsikringar er større enn inntektene. Her er eit døme: for eit slakteferdig lam får far min ca. 1000 kroner, litt avhengig av vekt. I lamminga no, hadde vi dyrlege til ein sau som sleit med å få ut lamma. Kun eit av dei tre lamma overlevde. Det synes eg er så trist at eg grin. For far min, bonden, er det i tillegg eit økonomisk tap. Besøket av dyrlegen kosta 3200 kroner.

Inntekt til å fø familien, og subsidiere drifta har i hovudsak kome frå arbeid utanom garden. Det har han hatt så lenge eg kan hugse. Sjølv bønder må ha mat på bordet.

Annonse

På heimekontoret mitt i andre etasje i mormor-huset jobbar eg for fagbevegelsen. Det er meiningsfullt, å bidra til at arbeidsfolk skal få det betre på jobb. I vår har eg samtidig fått oppleve lamminga på nært hald. Det har vore ein kontrast til det «normale» arbeidslivet. Eg har fleksitid, overtid, og helgefri. Bonden har ingen rettar.

I lamminga kjem dette til syne. Far min har tilsyn med sauene natt og dag, kvar einaste dag. I tillegg til den daglege drifta som vanleg. Det er sjølvsagt fint å sjå dei små nøsta som kjem ut lett, og veks opp. Men så er det det andre. Dei vanskelege fødslane, og dødfødslane. Sauer som ikkje har mjølk. Firlingar som skal ha flaske kvar tredje time. Medisin til dei sjuke. Alt dette aleine. Døgnet rundt. Ein dyrlege når det er verkeleg alvorleg eller tungt.

Avløysar på natta har ein ikkje råd til. Ikkje ellers heller eigentleg. Risikotillegg? Gløym det. Nattillegg? Fins ikkje. Kveldar, helger, og 17. mai er heilt vanlege arbeidsdagar.

Så kan ein sei at det er sjølvvalgt. Men dette er kanskje det einaste yrket som heilt bokstaveleg ikkje lønnar seg. Særskild for små og mellomstore bruk, som garden vår no er blitt. Før var det for ein stor gard å rekne, på Voss. Det var før dei store kjøpte opp dei små, fordi det einaste som lønnar seg er å drive større enn ein har jord til sjølv. Å drive stort skapar igjen behov for investeringar i bygningar og maskiner, som igjen fører til store lån, og gjeld for bonden.

Bønder som far min blir minstepensjonistar av å produsere trygg, god, bærekraftig mat, frå dyr som han steller godt med.

Det å sjå arbeidsinnsatsen far min legg ned, må eg innrømme har gått inn på meg. Men han klagar aldri. Det er difor eg skulle ynskje han fekk som fortent - nemleg lønn for strevet. For å bidra til dugnaden det har blitt å halde kulturlandskapet i hevd, turområda opne, og produsere trygg, norsk mat.

Skjenk han gjerne ein tanke når du kjøper det sunnaste pinnekjøtet, eller fårepølsa, i verda. Men aller helst, støtt den norske bonden ved å kjøpe norsk, stå opp mot kjedemakta, og stem på eit parti som bidreg til at også bøndene får råd til mat på bordet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gjerding til alles beste