Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ei språklov med konsekvensar

Språkrådet må få meir makt.

Gunnhild Skjold, Norsk Målungdom. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne / Norsk Målungdom

I ei tid der det norske språket er under stadig større press, blir jobben til Språkrådet enda viktigare. For å sikre det norske språkmangfaldet i framtida må vi gi Språkrådet meir makt, og staten må slutte å undergrave sin eigen språkpolitikk.

Språkrådet er staten sitt fagorgan i språkspørsmål, men vi ser likevel gong på gong at staten ikkje høyrer på dei. Staten sitt eige fagorgan blir ikkje lytta til i prosessar som da Fredskorpset blei til Norec eller NSB blei til Vy.

Annonse

No viser ei undersøking frå Språkrådet at namna heller ikkje er populære blant folket. Heile 72 prosent er negative til namnet Vy, og 6 av 10 nordmenn meiner at offentlege organ i større grad bør følgje råda til Språkrådet.

Statlege verksemder er vår felles eigedom, og namna deira bør ta omsyn til språkbrukarane. Derfor må det lovfestast at det er Språkrådet som skal gjere endeleg innstilling på nye namn på statsorgan. Den nye språklova må også innehalde reglar for val av namn og skrivemåte på namn i staten.

I tillegg til å vedta namn i strid med råd frå Språkrådet, ser vi at statlege institusjonar bryt mållova igjen og igjen. Ei lov ein kan bryte utan konsekvensar, er ei lov det er lett å bryte, og sinte brev frå Språkrådet set dessverre ikkje stoppar for fleire mållovsbrot. Derfor må den nye språklova gi Språkrådet fleire verktøy enn berre irettesettingar.

Det må få skikkelege konsekvensar å bryte språklova. Om eit statsorgan som bryt språklova får dagbøter, blir det vanskelegare å bryte lova. Eit anna døme på ein sanksjon kan vere at statsrådar får plikt til å rette opp i brot på språklova i ansvarsområdet sitt. Jo fleire lovbrot det gjeld, jo sterkare konsekvensar må det få. Dette må også gjelde brot på språklege rettar som er nedfelt i andre lover.

Staten skal følgje sin eigen språkpolitikk, men det gjer dei ikkje i dag. Statlege organ og institusjonar har eit sams ansvar for å sikre det norske språkmangfaldet, og dette ansvaret må dei begynne å ta på alvor. Ein god start er å gi Språkrådet meir makt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Den moderne kulturvandalismen