Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ei ku er ein fantastisk kjemisk fabrikk

Eg trur det er klokare å sjå på alle feriereisene før ein går til angrep på kua.

Omlag ein tredel av verdas landareal er grasland. For å bruka dette som grunnlag til folkemat, er me heilt avhengig av kua og dei andre drøvtyggarane, skriv Tarald Oma. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Omlag ein tredel av verdas landareal er grasland. For å bruka dette som grunnlag til folkemat, er me heilt avhengig av kua og dei andre drøvtyggarane, skriv Tarald Oma. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Når ein puttar gras inn i eine enden, kjem det etter cirka 12 tima mjølk ut i andre enden. Og så vert det litt avfall, gjødsel som gjev planter kraft til å veksa og gi mat til folk og fe. Og så litt metangass. Ein gong i året får kua ein kalv, vert den fôra i to år på gras, gjev den 250 kilo kjøt.

Eg kjenner ikkje til at menneska kan laga ein slik kjemisk fabrikk. Om dei skal greia å laga fabrikken, må det heilt sikkert brukast tilførd energi i den prosessen. Kua brukar bare den energien som er i graset. Ho kan gå ut på beite å henta graset sjølv, utan anna energi enn det som er i graset. Nå til dags kan også kua gå i roboten å mjølka seg sjølv. Til sjølve mjølkeprosessen trengs det elektrisitet, som her i landet kjem frå vassfall. Vil ein mjølka med hand treng ein ikkje bruka tilførd energi.

Annonse

Omlag ein tredel av verdas landareal er grasland. For å bruka dette som grunnlag til folkemat, er me heilt avhengig av kua og dei andre drøvtyggarane. Nå for tida er det ikkje uvanleg å sjå mange enkelpersonar og store organisasjonar og grupper, som vil ha bort drøvtyggarane på grunn av metanutsleppet dei har i produksjonsprosessen sin, då dei laga menneskemat av gras.

Dersom eit slikt syn får oppslutting betyr det at ein stor del av folka som lever i verda ikkje får mat. Det er ein svært alvorleg situasjon. Og då spør eg meg sjølv: Er det verkeleg nokon som vil ta maten frå folk?

Eg kan forstå at mange stiller spørsmål ved alle dei utsleppa i atmosfæren som kjem på grunnlag av vår moderne samfunn sin aktivitet. Eg trur det er klokare å sjå på alle feriereisene før ein går til angrep på kua.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hytter og beitekonflikter