Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eg som svinebonde er oppgitt og lei meg

Når forbrukaren et ein god middag på om lag 250 gram svinekjøt, sit bonden som har ansvaret for den levande delen av produksjonen att med 1 krone av fortenesta.

Sjuk gris: Dette er den sjukaste grisen eg no har i fjoset. Eg har forøvrig 120 grisar i fjoset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Sik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjos. Foto: Jørund Kvaale Hansen
Sjuk gris: Dette er den sjukaste grisen eg no har i fjoset. Eg har forøvrig 120 grisar i fjoset nett no. Den har, truleg på grunn av eit halesår, fått leddbetennelse i venstre framfot, og er halt. Den er teken ut av bingen, og går no i ein sjukebinge med ekstra plass og ro for seg sjølv. I samråd med veterinær går den på ein antibiotikakur, og eg har trua på at den skal verte heilt frisk og rask att. Sik skal det vere, og slik ER det i dei aller fleste grisefjos. Foto: Jørund Kvaale Hansen

Som einaste konvensjonelle svinebonde i Setesdal har eg behov for å dele nokre tankar etter å ha sett Brennpunkt-dokumentaren.

Som regel når der kjem videoar og ymse frå dyrevernsaktivistar er det behov for å nyansere, forklare og rette opp i ein del faktafeil. Etter å ha sett dei skjulte opptaka i dokumentaren, må eg berre slå fast at det blir heilt feil å skulle byrje å motargumentere og nyansere her.

Mange har hatt sterke reaksjonar på det videoane viser. Også eg som er svinebonde er oppgitt, lei meg, og ikkje minst overraska over kva haldningar ein del av desse svinebøndene viser.

Spesielt reagerer eg på behandlinga, eller rettare sagt den manglande behandlinga, dei sjuke grisane får. Det var svært frustrerande å sjå både purka og grisungane som tydeleg hadde det vondt, berre bli liggande å døy sakte over tid, utan at dei fekk behandling eller vart avliva. For meg er det uforståeleg at ein bonde kan vise slik apati ovanfor sjuke dyr, og eg undrar meg over korleis dei kan trivast i jobben, når dei har slike grunnleggande likegyldige haldningar over dyra dei omgir seg med.

Svinebonde Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat
Svinebonde Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat

Husdyr kan sjølvsagt verte skadde og sjuke. På lik linje med ville dyr og for så vidt også menneske. Det kan vere situasjonar som ikkje ser bra ut. Nett som ein del av skrekkscenarioa ein kan sjå på eit sjukehus.

Men griser, som menneske, treng ved sjukdom og skade ekstra omsorg og pleie. I grisehuset har eg, som alle andre bønder, fleire sjukebingar. Bingar som stort sett står tomme, men som eg somtid nyttar til gris som treng ro og litt ekstra oppfølging, anten dei er skadde eller sjuke. Har dei feber, sår, leddbetennelse eller liknande, får dei ro i ein eigen binge for seg sjølv, og ved behov får dei medisinsk behandling i samråd med dyrlege.

Om grisen ikkje viser betring på behandling, har store smerter eller liknande, er av og til avliving utvegen for best mogleg dyrevelferd. For mange kunne nok avlivingane i dokumentaren, med blod og det som følger med sjå fælt ut, men som svinebonde kjendest det som ein lettelse når bonden endeleg fekk surra seg fram med slaktebolten.

Eg er medlem i eit par lukka forum for svinebønder på Facebook. Eg har ikkje sett éin kommentar der nokon prøver å forsvare det som kjem fram i dokumentaren. Frustrasjonen frå svinebøndene er unisont, og den er retta mot bøndene, ikkje aktivistane. Dette er ikkje greitt, desse kan finne seg noko anna å jobbe med. Svinenæringa har ikkje rom for slike bønder. Eg meiner ein skal vere forsiktig med å stemple dei som dårlege menneske, men som bønder har dei ein stad på vegen mista heilt fokus.

Det er mykje og mangt ein kunne kommentert frå opptaka, noko også forklart. Men eg har lyst til å sette fokus bodskapen aktivistane ynskjer å få fram: Svineproduksjonen i Noreg er industrialisert.

Eg må seie meg heilt eining. Sjølv om grisane i fjøset mitt har det bra, er det ingen tvil om at dei kunne hatt det betre.

Det går ikkje eit fjøsstell på sumarhalvåret der ikkje eg tenker på kor fint det hadde vore å sleppe grisane utandørs. Eller kor mykje betre dei hadde hatt det om dei kunne hatt dobbelt så stor tumleplass i bingen. Så kvifor gjer ikkje me svinebønder det på den måten?

Annonse

Forbrukarane er bevisste på dyrevelferd når det kjem til sosiale media og spørjeundersøkingar. Men når dei skal gå til innkjøp, går dei til dei billigaste butikkane, og finn dei billegaste varene. Mange reiser til og med utanlands for å hamstre kjøt, då ein der kan finne kjøt til endå billegare prisar, og spare nokre tiarar.

På vegner av forbrukarane pressar difor matvarekjedene slakteria og bøndene til å levere kjøt så billeg som mogleg.

Eg som slaktegrisprodusent sit att med om lag 300 kroner i forteneste på ein gris som vert slakta. Det betyr om lag 4 kroner per kilo kjøt.

Når forbrukaren et ein god middag på om lag 250 gram svinekjøt, sit bonden som har ansvaret for den levande delen av produksjonen att med 1 krone av fortenesta.

Paradokset er då, at om du som forbrukar var villig til å betale 1 krone ekstra for den middagen, og den gjekk til dyrehaldet og ikkje til Reitan, kunne økonomien til bonden framleis gått rundt med halvparten så mange grisar i fjøset. Grisen kunne altså hatt dobbelt så stor plass i fjøset. Betre for grisen, men også betre for bonden.

Slik systemet er sett opp, er det diverre ingen vilje til å betale denne ekstra krona. Forbrukaren vil ikkje betale ei krone ekstra for å gi grisen dobbelt så stor tumleplass i bingen. Den same forbrukaren som får bakoversveis av bilete frå moderne grisehus. Eller irriterer seg over bøndene under landbruksoppgjeret, som prøver å kommunisere at å produsere god mat kostar.

Det er ikkje oss bønder som ynskjer denne industrialiseringa. Me blir dratt motvillig inn i den av storsamfunnet. Bondeorganisasjonane kjemper imot med nebb og klør, men utviklinga dei siste 50 åra er likevel færre og større bruk. Lågare prisar skal kompenserast med høgare effektivitet og lågare kostnader.

Dokumentaren heiter "Griseindustriens hemmeligheter", men når det kjem til industrialiseringa vil eg bestemt hevde at me svinebønder ikkje har nokre hemmelegheiter. Men me har forbrukarar og politikarar som ikkje er bevisste på korleis jaget etter billeg mat slår ut på produksjonen og dyra som er ein del av det.

Eg blir pressa til å produsere og yte maks utifrå plassen eg har i fjøset. Det er enormt små marginar, og vegen til økonomisk tap og kroken på døra er kort.

Eg slepp gjerne grisane mine ut på skogen i sumarhalvåret. Men grunna auka aktivitet veks dei nesten halvparten så fort og et nesten dobbelt så mykje. Det kostar. Ein har allereie produsentar som driv på denne måten, men marknaden er smalt.

Det er kanskje ikkje å vente at Ola og Kari Nordmann som stadig er på prisjakt kjem til å handle frigris på dagleg basis, og svin på skogen er kanskje eit ytterpunkt. Men ein kan kanskje ein håpe på ein produksjon som ligg ein stad der imellom.

Kanskje kan det kome noko godt ut av denne dokumentaren. Kanskje kan forbrukaren verte meir bevisst på at eit godt dyrehald kostar, og at kvar pengeseddel forbrukaren bruker på den eine eller den andre matvara er ein stemmeseddel om korleis dei ynskjer at maten skal produserast.

Fram til det skjer har eg som svinebonde to val: Å avvikle drifta, eller å produsere med maks yting på oppdrag frå det norske folk, for å klare å få økonomien til å gå rundt.

Teksten vart fyrst publisert på Jørund Kvaale Hansen si Facebook-side.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kostbar bingo