Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eg skal flagga på halv stang

Send meg ein mail når skuta går under.

Kritikk: Nortura har fått mye kritikk etter vedtaket om å legge ned slakteriet på Otta. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Kritikk: Nortura har fått mye kritikk etter vedtaket om å legge ned slakteriet på Otta. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

"Nortura på ville veier." Under denne overskrifta hadde eg eit innlegg i Bondebladet 9. mai 2019.

Og jaggu kan eg sjølv sanna mine ord.

Då følte eg med dei tilsette ved Nortura Steinkjer, som lurte på kor vegen gjekk vidare.

No samtykker eg i innlegget til Ole-Petter Berget i Nationen 09. desember i år.

Takk til Nortura.

Annonse

Min kapital i Nortura er ikkje så stor; den er 12.000 kroner.

Med god renta som var lova skulle vel beløpet vore meir enn kr 12.000, men det er faktisk i underkant.

Eg krev òg, i likheit med innsendar, mitt beløp snarast på konto, men det er vel for seint.

Skuta er i ferd med å forlisa.

Eg skal ikkje stå opp som redningsmann. Eg skal med gleda avsjå dei pengane, men send meg ein mail når skuta går under, så eg kan flagga på halv stang.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lønn for krisen