Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eg er ei bondekjerring

Mindre å tene: Saueproduksjon krev mykje, betalar lite. Foto: Sissel K. Kleiven

Eg er ei bondekjerring. Har ikkje sett Brennpunkt-dokumentaren, det orka eg ikkje. For meg, min mann (bonden) og våre 3 vaksne ungar, der nr 2 er heime og tenkjer bonde i framtida, så er det viktig å stelle fint med dyra våre slik at dei ikkje lir unødig.

Eg har teke agronomutdanning etter at eg gifta meg med min bondemann, 2 av ungane våre har agronomutdanning, deriblant han som er heime. Det er eit av mange krav som blir stilt til oss som er eller vil bli bonde. Mannen min er født og oppvaksen her på gården, men det er ikkje nok.

Lausdriftskravet for eksempel Då slepp kyrna å ha på seg halsband, som Jenny Rolness har erfart kan gro inn i huda på dyra. Eg blir veldig forundra av kva ho seier der. For, før vi tok opp store lån og bygde nytt og fekk lausdrift, så hadde vi storfea våre på bås med halsband. Frå 1991 til 2005 var det slik, og frå 1937 til 1991 var det slik. Aldri var det inngrodde halsband.

Det du Jenny Rolness refererar til er FEIL. Det er ikkje virkeligheita. Det er ikkje slik i Norsk landbruk, det er unntaket, som må lukast vekk. Slike unntak blir misbrukt i media og rammar i neste omgang oss alle.

Som Silje Aasnes Skarstein seier i sin artikkel, meir spalteplass til bruk og dyr som har det bra, som trivast, det ynskjer vi.

Annonse

Anne Rokkan i sin artikkel i BT, tar opp mykje som eg reagerar på, men når ho tar opp kyra som ser ned på kalven sin…., då sukkar eg tungt. Det er noko som er gjort i alle år. Skal vi få mjelka før kalven teke alt, så må kalven flyttast. Og, etter mi meining, så er det, det beste at kalven blir flytta med ein gang etter kalving. Då er det ikkje vorte dei største banda mellom kyr og kalv. So skal det seiast at ein del av kyrna ikkje vil vita av kalven sin.

Skal vi som bonde ha LITT inntekt, så må vi ha mjelka. Men eg må seia at vi gir kalven mjelk, då frå flaske og anna mat som er tilpassa kalv i ulik alder. Den blir ikkje satt vekk og «gløymt».

Å vera bonde er ikkje slik som det blir framstilt i div. media, ein romantisk tilverelse. Å ha ein romantisk tanke er vel og bra det, MEN det betalar ikkje rekningane våre.

For vi har utgifter. Store utgifter. Om man teke eit gjennomsnitts år, so snakkar vi kraftfor for kring 30000 i månaden, kunstgjødsel ca 70-80 000. Diesel til traktor og bensin til motorsag, og andre redskap/utstyr som treng drivstoff, til bortimot det same beløp. Så har vi straum og lån. Dette er drifta, så kjem husholdningen. Vi skal jo ha mat og klede vi også. Ikkje skal vi frysa heller,

ALLE vil ha billigare mat, utan ein tanke på at vi skal ha inntekt. For mellomledda skrur ikkje ned prisen, så det er vi som bonde som må skru ned. Kva kostar det å produsera mat i dette landet? Kva har vi som bonde igjen når alt er betalt? Enno har eg ikkje nevnt forsikring, rådgiving og alt anna som vert krevd av oss. I det praktiske liv er me ikkje sjølvstendig….

Me må ta opp store lån for å kunne stilla opp mot alle krava som blir stilt. Det er vanskelig å vera bonde, og verre blir det med all denna hetsen.

Stopp no, innhent fakta, før de trykker laust på tastaturet. Eg fryktar at liv vil kunne gå tapt på grunn av denna hetsen.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kua tar og kua gir