Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eg blir meir og meir irritert

Erstatning til pelsdyrbøndene.

Olaug Bollestad burde syrgd for betre erstatning til pelsdyrbøndene, skriv innsendaren. Foto: Torbjørn Tandberg

Etter å ha lese ein del gode innlegg om erstatning til pelsdyrbøndene blir eg meir og meir irritert over regjeringspartia, og vår landbruksminister Olaug Bollestad.

Eg tenkjer då spesielt på unge pelsdyrbønder som har starta med pelsdyr for å ha ei god attåtnæring til gardsbruket, og på dei unge som skal overta pelsdyrfarmen som det har vore pelsdyr på i generasjonar.

Annonse

Etter å ha lese saka med Bertran Trane Skadsem i Nationen onsdag 9. oktober vart eg overraska at det ikkje var sett av meir enn 180 millionar til avvikling i 2020.

Det er ikkje berre pelsdyrbøndene som får lide, men også på fôrkjøkkena er det mange som mister jobbane sine.

Og så til det innlegget som landbruksministeren hadde i bondebladet 10. oktober, der ho går til åtak på Geir Pollestad. Hadde landbruksministeren gjort så mykje for pelsdyrbøndene i Noreg som Pollestad har gjort, så hadde eg sett opp til deg.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nei til økt bensinavgift!