Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dyrka jord må nå få skikkeleg vern

Kommunane i Norge har, ifølgje tal frå SSB, samla fått godkjent planar om å byggja ned 589.000 dekar til bustad- og næringsføremål, som enno ikkje er nytta. Av dette 83.000 dekar dyrka jord.

Når jordvernet skal styrkjast, må alle vera innstilte på ein ny gjennomgang om kor mange av områda i planane som skal trekkjast tilbake, skriv innsendaren. Foto: Lars Bilit Hagen
Når jordvernet skal styrkjast, må alle vera innstilte på ein ny gjennomgang om kor mange av områda i planane som skal trekkjast tilbake, skriv innsendaren. Foto: Lars Bilit Hagen

Dette er eit utruleg stort areal som i sum bryt med Stortinget sitt vedtak om at det ikkje skal byggjast ned meir enn 3000 dekar årleg. Regjeringa har i Hurdalsærklæringa slått fast at jordvernet skal styrkjast og at det skal setjast ei ny grense på maksimalt bruk av 2000 dekar per år til utbyggingsføremål.

Samstundes har for eksempel kommunane i Rogaland vedteke planar for å byggja ned 38.000 dekar dyrka jord.

Annonse

Det kan umogleg vera rett å la kommunane få fortsetja nedbygging av landbruksjord i over 40 år framover slik situasjonen nå er. Dette legg eit ansvar på regjeringa på å sanera eller ta bort mesteparten av desse løyva.

Når jordvernet skal styrkjast, må alle vera innstilte på ein ny gjennomgang om kor mange av desse områda i planane som skal trekkjast tilbake. Det beste ville vera om kommunane sjølv tok ansvar for denne varsla innskjerpinga av jordvernet og overførte areala til landbruksføremål sjølv. Men om dette ikkje skjer bør regjeringa varsla tilbakeføring av desse utbyggingsareala.

Departementa må sikra at samlege av landets kommunar plikter å ta ein reell gjennomgang av jordbruksareal som er avsett til ulike andre utbyggingsformål men som ikkje faktisk vert nedbygd blir tilbakeførd til LNF i neste kommunestyreperiode.

Dyrka jord må nå få skikkeleg vern og kommunane må respektera dette.

Neste artikkel

Tøys om importvernet