Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dugnadsfest i Festival-Noreg

Felles for arrangementa i sommarhalvåret er at dei er heilt avhengige av friviljug arbeid.

BULder og brak under Landskappleiken 2019. Foto: Runhild Heggem / FolkOrg

I går pakka kappleiksdeltakarane på Landskappleiken i Vågå instrument og dansesko og drog heim. Og truleg har dei hatt mange fine dagar med store konsertopplevingar, tevlingar og ikkje minst – festleg lag.

I dag og resten av veka er ein stor dugnadsgjeng i gang med etterarbeid og opprydding. Mange har vore i friviljug arbeid for Landskappleiken heilt sidan dei overtok stafettpinnen frå dugnadsgjengen i Trysil i fjor.

På Rjukan har dei nett komi heim att, og framfor tinndølane ventar eit år med intens planlegging og innsats for at neste års Landskappleik skal gå så knirkefritt av stabelen som råd.

Sommarhalvåret er festival- og marknadstid. Eit veldig mangfald av arrangement blir arrangert. Frå store festivalar med tusenvis av deltakarar over fleire dagar, slike som Landskappleiken og Dyrskun i Seljord, til små marknadar og bygdedagar som slåttefestivalen i Hjartdal og Røldalsmarken. Av musikkfestivalar kan eg nemne Førdefestivalen, Vinje-rock og ikkje minst Kråkeslottfestivalen på Senja og Kalottspel i Målselv.

Alle er dei med på å gje oss store opplevingar; fest og sosialt samvær, konsert- og teateropplevingar, smaks- og naturopplevingar. Ja, ein kan til og med få oppleva å få eit skikkeleg røvarkjøp – i alle fall tru at ein har fått det!

Dyrskun kjenner nok dei fleste, men det er ein avleggjar på Batnfjordsøra i Gjemnes eg vil nemne spesielt; Dyregod-dagane. Dei går aller siste helga i august, og har sigla opp til å bli ei skikkeleg familiemesse med over 20.000 besøkande. Sjølvsagt er her handel og vandel og utstilling av både maskiner og husdyr, men Dyregod-dagane er spesielt tilrettelagt for at ungar og vaksne skal ha gode natur- og landbruksrelaterte opplevingar i lag. Og det vil eg påstå dei har lukkast godt med.

Annonse

Felles for alle desse arrangementa er at dei er heilt avhengige av friviljug arbeid. Dugnadsinnsatsen er formidabel. For at til dømes Dyregod-dagane blir gjennomført, stiller om lag 400 personar opp og legg att rundt 5000 dugnadstimar i året.

På Landskappleiken reknar dei meir enn 12.000 årlege dugnadstimar. Dugnadsgjengen syter for at om lag 1000 tevlande deltakarar og 7–8 gonger så mange publikumarar får store musikkopplevingar, skikkeleg mat, parkering, overnattingsplass, reine toalettanlegg og ein fin fest.

Om ein verdset éin dugnadstime til hundre kroner, vil ein berre på Landskappleiken koma opp i minst 1,2 millionar kroner på den friviljuge innsatsen. Prøv å gange det opp med det som finst av marknadsdagar og festivalar! Eller du treng ikkje det – dømet er meir enn godt nok til å syne kva for ein formidabel innsats som vert lagt ned for at me skal få gode opplevingar i fritida vår.

Dei fleste festivaldeltakarar opplever dugnadsgjengen som billettkontrollørar, ryddesjauarar og kjøkenhjelpar. Men jammen er det mange ein ikkje ser som vanleg publikum også.

Eg er så heldig at eg av og til får oppdrag på ein festival eller ein marknad. I dei aller fleste tilfella får artisten tildelt ein eigen kontaktperson, ein friviljug som møter deg når du kjem fram, syner deg garderoben og toalettet, set deg i kontakt med lydteknikar, og ikkje minst flyg ærend for deg og skaffar stort sett alt du måtte ha gløymt att heime eller ikkje fått utlevert på flyplassen.

Dette er englar som brukar svært mykje tid og energi på at artisten skal ha alt han treng for å gjera ein best mogeleg jobb. Mat – gjerne heimelaga, handkle, strykejern og strykebrett blir skaffa – gjerne frå vaskerommet heime – til og med varme klede har eg fått ved kalde utearrangement.

Så kvifor greier arrangørar av messer og festivalar å mobilisere så mykje folk? På kulturfestivalane er nok gulrota å få oppleva musikk og teater på nært hald – i lag med andre kulturinteresserte folk. Musikk og teater i kombinasjon med fellesskap og moro trekkjer. Messer som Dyrskun til dømes, skaffar seg dugnadsfolk via lag og organisasjonar som tener ein god slant til medlemskassa si. Og det er sikkert ikkje berre idrettslaget i Seljord som har pussa opp idrettsbanen sin ved å ta vakter for ei handelsmesse.

Uansett kva slag motivasjon som ligg til grunn for innsatsen, så hadde sommarhalvåret vore grueleg keisamt utan dugnad!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hva ville mormor sagt?