Men tilbake til saka: Eg har ikkje misforstått, og eg har heller ikkje skrive at Klimakur 2030 legg opp til at drøvtyggjarane skal bort. Men for å illustrera kva dei faktisk betyr for matproduksjonen i dag, har eg vist kva som skjer om dei blir borte.
Det merkelege er at Klimakur 2030 i det heile ser på utslepp frå drøvtyggjarane som ein så viktig del av tiltaka. Problema med klimaet kjem frå auka utslepp, og dei siste 50 åra i Norge har utsleppet frå drøvtyggjarar gått jamnt nedover fordi dei har vorte færre. Samstundes har dei vorte meir effektive og produserer mykje mat.
Eit viktigare spørsmål enn å rekna berre på utslepp må vera å sjå på kva fôr som vert brukt til alle husdyr, inkludert laks. Her er det aktuelt å sjå på både utnytting av fôret og om det kan brukast direkte som menneskeføde. Direkte bruk som mat gir meir effektiv bruk, men husdyra produserer protein og andre stoff som ikkje plantekosten gir oss direkte.
I ein framtidig situasjon med fare for knappare matressursar enn no, vil dette ha stor betydning. Her vil drøvtyggjarane få ein sikker plass fordi dei kan foredla gras til høgverdig mat for oss.
Men kor mykje og kva type kraftfôr dei skal få i tillegg, vert eit viktig spørsmål.