Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Domstolar og politikk

Å halde fast på dagens struktur krev auka løyvingar, ikkje reduksjon.

Eit fleirtal i Domstolkommisjonen førelår å redusere talet på jordskifterettar frå 33 til 20. Foto: Domstoladministrasjonen

Domstolkommisjonen la nyleg fram framlegg til ny struktur for tingrettane og jordskifterettane. For tingrettane går fleirtalsframlegget ut på å redusere talet på bemanna rettsstader frå 60 til 30 og for jordskifterettane frå 33 til 20.

I media har det, langt frå uventa, kome til syne mange reaksjonar på framlegget, ikkje minst frå politisk hald. Typisk nok måtte det eit strukturframlegg til for å fange merksemda til dei som til sjuande og sist sit med det overordna ansvaret for at vi har godt fungerande domstolar.

Merksemda er likevel kjærkomen, og rett brukt vil ho kunne gje grunnlag for ei prinsipiell drøfting av domstolane sin plass i samfunnet vårt.

Norske domstolar har vore underfinansierte i fleire tiår. Dette blir toppa med den avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma (ABE-reforma) som dagens regjering driv med og som i praksis inneber årlege budsjettkutt på 0,5-0,8 prosent. I framlegget til statsbudsjett for 2020 får domstolane ein reduksjon på 13 millionar kroner. Verknadene er tydelege. Domstoladministrasjonen utformar no reelle nedbemanningsplanar, og saksbehandlingstida går opp.

ABE-reforma er meint å skulle føre til effektivisering i staten. Det kan i nokre tilfelle vere grunnlag for. Samstundes er reforma slik innretta at ho flyttar pengar frå drift til regjeringa sine politiske satsingsområde. Skal domstolane sine behov bli vurderte i den samanhengen, må domstolane kome opp med prosjekt som er tilpassa regjeringa sin politikk. Som statsmakt skal domstolane vere uavhengige, og i det perspektivet er ei slik samanblanding av politikk og domstolsøkonomi problematisk. Som uavhengig statsmakt er det sentralt at domstolane sjølve får prioritere. Slik fungerer det ikkje i tilstrekkeleg grad i dag.

Jordskifterettane, som har oppgåvene sine knytte til fast eigedom, har særleg to utfordringar. Først og fremst slit jordskifterettane med å rekruttere jordskiftedommarar og ingeniørar, og det har fleire gonger hendt at ein har stått utan kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar.

Det er lite hjelp i ein desentralisert struktur viss ein ikkje får tak i kvalifiserte søkjarar.

Dei låge søkjartala kan det vere fleire grunnar til. Det eine er at det blir utdanna relativt få kandidatar, og dei som blir utdanna er attraktive på arbeidsmarknaden. For det andre er lønsvilkåra lite konkurransedyktige, noko som ikkje gjer det attraktivt nok å skifte arbeidsplass, særleg viss det medfører flytting i tillegg. Ein tredje grunn kan vere at jordskifterettane ikkje har nokon rekrutteringsbase tilsvarande det tingrettane har i private og offentlege advokatmiljø.

Annonse

Fagmiljøa i jordskifterettane er små. Ein gjennomsnittleg jordskifterett har sju medarbeidarar. Av desse er det 2,5 jordskiftedommarar og 2,5 ingeniørar. Kvar tredje jordskiftedommar har dessutan leiaransvar. Dette er sårbart.

Domstolkommisjonen gjer framlegg om å skape nokre større fagmiljø der dei geografiske tilhøva gjer det mogleg, og som er attraktive og utviklingsorienterte. Mangel på søkjarar til allereie små fagmiljø er eit tydeleg faresignal som må takast på største alvor.

Å halde på dagens struktur samstundes som løyvingane går ned, blir eit reknestykke som ikkje går i hop.

Skal vi tru på SSB sine framskrivingar, vil folketalet i Noreg auke frå om lag 5,3 millionar i dag til om lag 6,0 mill. i 2040. Av folketalsauken på 700 000 vil 275 000 hamne i Oslo og Akershus, og resten gjerne i og kring dei andre større byane. Berre folketalsauken i Oslo-området svarar til innbyggjartalet i ein stor tingrettskrins.

Som innbyggjar i eitt av dei mest grisgrendte fylka i landet, likar eg sjølvsagt ikkje at det er slik. Eg hadde helst sett at folketalsauken kom heile landet til gode. I denne samanhengen kan ein likevel ikkje sjå bort frå den langvarige trenden og som inga regjering, uavhengig av politisk farge, har greidd å snu. Og utviklinga får følgjer for domstolane.

Hjå tingrettane står saksmengda i nær samanheng med folketalet. Endrar folketalet seg vesentleg, må kapasiteten tilpassast. Å halde på dagens struktur samstundes som løyvingane går ned, blir eit reknestykke som ikkje går i hop. Dette er noko Domstolkommisjonen har måtta ta omsyn til ved utarbeidinga av strukturframlegget.

Å halde fast på dagens struktur krev auka løyvingar, ikkje reduksjon. Alle politiske parti må ta ansvar, men ut frå reaksjonane på strukturframlegget er det nokre parti som tek på seg eit større ansvar enn andre. Regjeringspartiet Kristeleg Folkeparti har ei særleg utfordring. Det er spesielt at KrF, samstundes som dei sit i ei regjering som foreslår budsjettkutt, var mellom dei første til å skyte ned strukturframlegget. Spørsmålet er om dette var gjennomtenkt eller berre eit tilfeldig skot frå hofta.

Framover budsjetthausten skal det bli spanande å følgje med på om KrF og dei andre partia som har reagert sterkast på strukturframlegget, set i verk tiltak for å styrke domstolane monaleg. Her kjem to konkrete forslag til å byrje med: lyd- og bildeopptaksutstyr til alle dei 400 rettssalane i landet for å sikre rettstryggleiken, og konkurransedyktig lønn for å lokke søkjarar til alle landets jordskifterettar og for å sikre gode fagmiljø.

Viss parti som KrF, Sp og Ap ikkje prioriterer domstolane i tida framover, står reaksjonane deira på strukturframlegget ikkje til truande.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Demokratiske fallgruver ingen snakker om