Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Diskusjonen handlar om den norske forbrukaren

Landbruket, inkludert mjølkebøndene, er avhengige av at dei reelt spelar med i det samfunnet dei er ein del av, i praksis at dei leverer noko som forbrukarar – og veljarar – verdset.

 Q-Meieriene er viktig i den norske meierimarknaden, og sjølv Tine anerkjenner jo at vi som utfordrar har vore med på å gjera dei betre, skriv Aksel Mjøs. Foto: Mariann Tvete
Q-Meieriene er viktig i den norske meierimarknaden, og sjølv Tine anerkjenner jo at vi som utfordrar har vore med på å gjera dei betre, skriv Aksel Mjøs. Foto: Mariann Tvete

Takk til Marit Haugen for engasjert svar på mitt innlegg der eg ber om ein prinsipiell diskusjon om meierimarknaden, det bidreg til oppklaring og avklaring, men krev og eit tilsvar.

Les innlegget til Haugen her:

Eg vil først utfordra hennes overskrift om at «..det handler om den norske melkebonden». Landbruket, inkludert mjølkebøndene, er avhengige av at dei reelt spelar med i det samfunnet dei er ein del av, i praksis at dei leverer noko som forbrukarar – og veljarar – verdset. På lang sikt er dette det einaste levedyktige grunnlaget for ei næring. Det er heilt forståeleg at ein leverandørar er opptekne med eigne vilkår, men skal ein vinna fram må ein ha balanserte og samfunnsmessig gode løysingar.

Eit klassisk politisk verkemiddel i monopoliserte marknadar er å leggja til rette for konkurranse, som Stortinget bad om for meierimarknaden for over 20 år sidan. Konkurranse gjev meir effektivitet og innovasjon som kjem forbrukarane til gode.

Q-Meieriene er viktig i den norske meierimarknaden, og sjølv Tine anerkjenner jo at vi som utfordrar har vore med på å gjera dei betre. God og utfordrande konkurranse gjev faktisk også langsiktighet for bøndene.

Samvirketanken har mykje godt med seg gjennom at leverandørar samlar kreftene og styrker forhandlingskrafta si. Eg innser at å omdanna Tine til aksjeselskap er ei drastisk endring, men brukte det som eit poeng for å få fram at bøndene sjølve har interesse av litt eigardistanse til Tine. Tine kan drivast betre, og konkurranse i heile verdikjeda er ein viktig del av dette.

Annonse
Aksel Mjøs, styreleiar i Kavlifondet. Foto: Sturlason
Aksel Mjøs, styreleiar i Kavlifondet. Foto: Sturlason

Ein del av problemet er at enten må utgåande bønder få med seg sine verdiar, eller så må dagens kapitalgodtgjerdsle vidareførast, uansett om det kan verta store beløp. Samvirke er ei god tradisjonell selskapsform som vert utfordra av nye samfunnskrav til konkurranse.

Når det gjeld haldninga til målpris, så er Q-meieriene, og har alltid vore det, opptekne med at bøndene skal driva godt og kunna utvikla seg, og har aldri gjort noko som har hindra målprisuttak.

Vår investering på 700 millionar kroner i nytt meieri, den største Kavlikonsernet nokon gong har gjort, byggjer på ei tru på langsiktig næringsgrunnlag for mjølkeproduksjon på Jæren. Satsinga er og gjort i tru på langsiktig føreseielege rammevilkår og på at gode og innovative meieriprodukt er noko norske forbrukarar ønskjer.

Vi trur vel og at når det skal vera konkurranse, så må Tine vera glad for at den største utfordraren er langsiktig, norskeigd, og driv all si verdiskaping for gode føremål gjennom eigaren, Kavlifondet.

Tilskota er ein del av eit mangfald, av einskilde kalla eit «korthus», av reguleringar, tilskot og «ordningar» for å bidra til meierimarknaden sin funksjon. Det kan i den samanheng vera verd å nemna, at samla sett er Q-meieriene netto bidragsytar til prisutjamningsordninga med om lag 100 millionar kroner årleg.

Gitt samfunnet sitt rimelege krav til konkurranse i meierimarknaden, kva er Tine sitt forslag til ein betre måte å oppnå dette på?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Bikkja mi gjer aldri noko gale