Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det rikspolitiske nærsynet

I god tradisjon har rikspolitikarane og riksmedia også i år okkupert lokalvalkampen med politikarar som ikkje står på val, og saker som dei aller fleste nyvalde kommunestyra knapt kjem til å bruke tid på dei neste fire åra.

Har eige partiprogram: Trym Helge Aafløy er fyrstekandidat for Folkeaksjonen nei til mer bompenger i Bergen. Her møter han Frp-leiar Siv Jensen til debatt. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

«Har dere et eget partiprogram i Bergen?» spør NRKs Fredrik Solvang forundra.

Spørsmålet hans viser kor fjernt frå verkelegheita det rikspolitiske blikket kan bli når det ein sjeldan gong blir kasta på lokalpolitiske saker, og korleis riksmedia har ei forunderleg evne til å gløyme kva kommune- og fylkestingsvalet faktisk handlar om.

Da NRK begynte å sende eigenreklame for valsendingane sine tidleg i august, begynte eg å kjenne på irritasjonen frå tidlegare kommune- og fylkestingsval: Rikspolitikarane med god hjelp av dei egodrivande riksmedia får lov til å ta over heile manesjen og gjere valkampen til si eiga framsyning, der dei opptrer både som trapesartistar, sjonglørar, klovnar og godteriseljarar på same tid – kanskje meir det siste enn det første. Da ein god venn uttrykte ein liknande irritasjon i ei statusoppdatering på eit sosialt medium veldig mange er innom kvar dag, kommenterte eg berre: «Eg ser ikkje på partileiardebattar.»

Det er faktisk sant. Eg har slutta å sjå på partileiardebattar. Og det seier ikkje lite når eg samtidig kan fortelje at eg har vore interessert i og oppteken av politikk sidan eg var tenåring; eg har vore ordførarkandidat ved to kommuneval; eg har sete åtte år i kommunestyret og formannskapet i kommunen vår. Men eg orkar faktisk ikkje lenger den rikspolitiske kjeklinga som tilslører dei viktige lokale og regionale sakene og skuggar for dei lokale valkandidatane som ønskjer å gjere ein innsats for lokaldemokratiet dei neste fire åra.

For det er da verkeleg ikkje det at det manglar lokale saker med rikspolitisk format.

Annonse

Eggja av kommentarspaltene i avisene og ein aldri så liten porsjon nysgjerrigheit lèt eg meg likevel lure til å leite opp den første partileiardebatten NRK arrangerte i år for å sjå han i nettlesaren. Og det er der, under ein kort konfrontasjon mellom Trym H. Aafløy frå Folkeaksjonen nei til bompenger i Bergen og Siv Jensen, at den erfarne journalisten Fredrik Solvang avslører overrasking over at det finst lokale partiprogram. Tenk det: Dei lokale partia og vallistene har utarbeidd eigne program der dei fortel om det dei ønskjer å utrette i kommunane sine.

Etter 45 minutt med kjekling om bompengar, gjekk eg ut av NRK-spelaren i nettlesaren. Eg blei sitjande og lure på kvifor riksmedia – og særleg NRK – år etter år skal gå i den same fella: Rikspolitikarar, som ikkje er på val, får dag ut og dag inn, i veke etter veke før valet, diskutere saker som lokalpolitikarar i svært liten grad kan påverke, og som i liten grad er relevante i det jamne arbeidet i kommunestyre og formannskap. Valkampen blir villeiande for veljarane og misvisande for kva saker som faktisk er viktige rundt om i Kommune-Noreg.

For det er da verkeleg ikkje det at det manglar lokale saker med rikspolitisk format. Det handlar berre om at journalistar og kommentatorar i riksmedia stig ut av den politiske bobla dei lever i – i ein slags symbiose (eller skal vi kalle det eit gjensidig parasittisk forhold?) med dei sentrale rikspolitikarane – og ser utover landet og utanfor dei største byane; at dei verkeleg tek innover seg at lokalvalet handlar om titusenvis av samfunnsinteresserte menneske som står klare til å bruke fritida si i kommunestyre og politiske utval for ei godtgjering som knapt nok kan kallast symbolsk.

Det handlar også om at det i år er 47 nye kommunar i landet som ikkje har hatt lokalval før, og 119 kommunar som aldri meir skal ha det, at fleirtalet av norske kommunar har færre enn 5000 innbyggjarar, og at bompengar er fullstendig irrelevant i dei aller fleste av desse kommunane, og ikkje minst handlar det om at verken Une, Bjørnar, Audun, Trygve, Jonas, Erna, Siv, Trine eller Kjell Ingolf får stemme når kommunestyra i desse kommunane møtest for å avgjere saker som er viktige Kommune-Noreg.

Og det handlar om dei elleve fylka – sju av dei har aldri hatt val – som har avgjerande makt over vegnett, vidaregåande utdanning, ferjestrekningar og ferjetakstar (og da kan vi verkeleg snakke om bompengar), kultur, landbruk, miljø.

Men støyen frå stemmene til rikspolitikarane og mediekommentatorane skal vi likevel måtte høyre på til øyresusen tek oss, før vi går til vallokala om tre veker og lurer på kva setel vi skal putte i urna.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tid for en mer radikal distriktspolitikk?