Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det kan ikkje vere KrF si oppgåve å melde jernbanen inn i EU

Det minste du bør gjere, Knut Arild Hareide, er å trekke proposisjonen tilbake og omarbeide han slik at Stortinget med kvalifisert fleirtal kan ta stilling til den inngripande suverenitetsavståinga det er tale om.

Lojaliteten til eit regjeringsprosjekt må ikkje få oss i KrF til å hive barnet ut med badevatnet, skriv Olaf Gjedrem. Foto: Colourbox
Lojaliteten til eit regjeringsprosjekt må ikkje få oss i KrF til å hive barnet ut med badevatnet, skriv Olaf Gjedrem. Foto: Colourbox

I eit svar til meg og andre (Eva Nordlund og Ole André Myhrvold) i Nationen 11.8. held statsråd Knut Arild Hareide fram med å blånekte for at vi overlet styringa av jernbanen til EU dersom fjerde jernbanepakke vert innført. Det er skuffande at han ikkje vil innsjå alvoret for landet, for EØS-avtala og for KrF som parti.

Les svarinnlegget til Hareide:

Hareide skriv at han «ikkje er enig» i at konkurranseutsetting av persontogtrafikken blir obligatorisk og irreversibelt med den fjerde jernbanepakka. Men Hareide er vel samd med departementet han leiar?

I proposisjonen frå Samferdsledepartementet står til dømes dette om endringane i Kollektivtransportforordninga:

«Endringsforordningen inneholder krav om såkalt ‘konkurranse om sporet’, dvs. krav om obligatorisk bruk av konkurranse ved tildeling av kontrakter om offentlig tjenesteytelse av persontransport med jernbane, på lik linje med andre kollektivtransporttjenester på vei og bane.»

Eit ord som obligatorisk gjev ikkje rom for fri tolking. Rett nok finns det òg nokre unntaksreglar som under særlege omstende gjer høve til direktetildelingar som i dag, om då ikkje ESA sett foten ned. Nålauget for slike tildelingar er så trongt at dei berre vert aktuelle ved sjeldne høve. Og kven skal ein tildele til dersom Vy om nokre år har vorte eit reint bemanningsselskap?

Annonse

Det er òg feil når statsråden skriv at stansvedtak frå Statens jernbanetilsyn ikkje kan overprøvast av EU sitt jernbanebyrå (ERA). Dersom EU-byrået og Jernbanetilsynet etter tre månader ikkje vert samde, går saka vidare til byrået si klagenemnd og eventuell valdgift. Aller siste ankeinstans er EU-domstolen. Dette er dei bitre fakta.

I mitt førre innlegg (9.7.) peika eg på at regjeringa legg opp til å vrake dobbeltsporet som EØS-avtala vart bygd på, dvs. med ein EU-pilar og ein EFTA-pilar. Dette er eit brot med sjølve ryggmargen i EØS-avtala som skal sikra at EFTA-landa aldri vert direkte underlagde EU-organ.

Statstråden svarar med at det i nett denne saka er rett å fråvike to-pilarstrukturen i EØS-avtalen av di jernbanesektoren er teknisk og avgrensa. I neste setning seier han mot seg sjølv ved å minne om at han og KrF «er opptatt av å verne om norsk suverenitet, og sa derfor nei til at Norge skulle underlegges EUs finanstilsyn».

Han kunne ha sagt det same om ACER-spørsmålet, der KrF med rak rygg forsvarte Grunnloven og EØS-prinsipp. Den tredje energimarknadspakka er minst like «teknisk» som jernbanepakka, men blir likevel kanalisert gjennom EFTA-pilaren (ESA). Då var det ingen som snakka om mangel på kompetanse eller for mykje «byråkrati». EØS-EFTA og ESA har ikkje meir kompetanse på energisektoren enn dei har på jernbanesektoren.

Lojaliteten til eit regjeringsprosjekt må ikkje få oss i KrF til å hive barnet ut med badevatnet. Partiet tok i si tid på seg eit foreldreansvar for EØS-avtala som eit solid og varig alternativ til EU-medlemskap som skulle trygge suvereniteten.

Eg veit at mange i KrF deler uroa eg kjenner. Ei rad fylkesting har vedtatt interpellasjonar mot innføring av jernbanepakka, fleire av dei med stemmene frå valde KrF-representantar.

Partiet er i ferd med å hamne i eit alvorleg uføre når vi er med på å innføre ei jernbanepakke på ein måte som for det første er i strid med Grunnloven, og som for det andre undergrev fundamentet som EØS-avtala vart støypt på.

Som minister kan du framleis dra i naudbremsen, Knut Arild, av omsyn til partiet og for å skjerme det som vert kalla KrF sin «baby», EØS-avtala. Det minste du bør gjere, er å trekke proposisjonen tilbake og omarbeide han slik at Stortinget med kvalifisert fleirtal kan ta stilling til den inngripande suverenitetsavståinga det her er tale om.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ny regjering, ny landbrukspolitikk