Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Der ein skulle tru at endå fleire ville bu

Min prognose er at vi i 2050 har eit Distrikts-Noreg som er attraktivt for unge som ønskjer seg ein kvardag med hus og hage, heller enn leilegheit og rushtrafikk.

Politisk vilje: Det som trengst er politisk vilje for å legge til rette for vekst i heile landet. Slik gjer vi dagens ungdom ei reell valmoglegheit mellom bygd og by, skriv Emma Berge Ness. Illustrasjonsfoto: Mostphotos
Politisk vilje: Det som trengst er politisk vilje for å legge til rette for vekst i heile landet. Slik gjer vi dagens ungdom ei reell valmoglegheit mellom bygd og by, skriv Emma Berge Ness. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

”Større og yngre storbyar, fråflytting og forgubbing på bygda” var bodskapet når Statistisk sentralbyrå (SSB) nyleg presenterte sin prognose for korleis befolkninga i Noreg vil utvikle seg fram mot 2050. Distriktskommunar vert no råda til å ta innover seg ”realitetane”, i staden for å setje seg urealistiske mål om å snu trendane. Kva slags råd er det?

Sjølvsagt er det mogleg å gjere noko med denne trenden, dersom me vil. Det er ingen automatikk i at alle ungdommar skal velje å busetje seg i ein by. Det siste norske distriktskommunar bør finne på, er å slå seg til ro med at fråflytting og forgubbing vert framtida. Kven vil vell flytte til ein stad som planlegg for det? Distrikts-Noreg bør tvert om sette seg ambisjonar som matchar moglegheitene – og dei er store.

Brødrene Aa i distriktskommunen Gloppen er med si verdensledande utvikling innan grøn skipsfart eit godt døme på kva som er mogleg å få til, dersom ein torer å satse. Studentbygda Sogndal, som tilbyr både fag på høgskule-nivå og naturopplevingar på topp-nivå, lukkast med å rekruttere tilflyttarar. Ein kan tenke like store tankar i ein distriktskommune som ein storby, men det trengst meir enn kloke hovud.

Annonse

Brødrene Aa hadde aldri kunne lukkast utan stabilt internett, vegane og kortbaneflyplassen som bind dei saman med resten av verda. Det same kan seiast om Sogndal – ein høgskule mellom høge fjell er ikkje nok åleine. Det er visse ting som må vere plass om ein skal ha ein sjans i kampen om tilflyttarane.

Folk flest, unge som gamle, er først og fremst opptekne av å ha det trygt og godt der ein bur. Det handlar ikkje om el-sparkesyklar, sushi eller døgnopne butikkar. Det handlar om ha ein stad å bu, ein jobb å gå til og gode, nære tenester. Alle lokalsamfunn treng ein skule, ein sjukeheim og ein barnehage.

Sidan Høgre overtok regjeringskontora i 2013, har vi sett ei massiv sentralisering av arbeidsplassar, tenester og som ein konsekvens av det: folk. Når tenester blir fjernare og framtidsprognosane dystrare, er det klart at det gjer noko med folk. På same måte som nære tenester og optimistiske framtidsprognosar vil gjere noko med folk.

Min prognose er at vi i 2050 har eit Distrikts-Noreg som er attraktivt for unge som ønskjer seg ein kvardag med hus og hage, heller enn leilegheit og rushtrafikk. Det som trengst er politisk vilje for å legge til rette for vekst i heile landet. Slik gjer vi dagens ungdom ei reell valmoglegheit mellom bygd og by. Kanskje er det då nettopp i distriktskommunar at enno fleire kunne tenkt seg å bu.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Saugbrugs i Halden bør få grønn støtte