Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den store feriereisa

Ein ferietur i barndomen lærde meg om ulikheiter og avstandar i landet vårt.

På 60-talet var det nok ikkje vanleg med feriereiser når ein dreiv gardsbruk. Ferie for oss born tyda skuleferie.

Avløysar for gardbrukarane var også eit ukjend begrep. Heime hjå oss var det farfar som var avløysar, utan han eigentleg visste kva det var.

Sommaren 1959 skulle me på ferie saman med søster til mor og familien. Turen gjekk frå Jæren til Molde der me hadde onkel og tante.

Det var fire vaksne og seks born som skulle reisa i ein folkevognbuss som var registrert for åtte personar. Dette var før sikkerheitsselar og airbag. Minstebroren min, på snaue året, låg mykje baki på motorkassen, i ei korg. Takgrind var påmontert, og der var det to telt, ein potetsekk og diverse ting.

Bilen hadde ein motor på 32 hestekrefter, så det gjekk smått opp Trollstigen og andre stigningar som det er mykje av langs Vestlandet. Me stoppa sjeldan på campingplassar, men slo opp telt langs vegen.

Kan hende innbyggjarar i landet burde reisa litt meir i eige land med bil for å læra litt om avstandar og all den utfordrande naturen me har.

Til kvelds var det fyr på primusane og middag skulle lagast. Det måtte sjølvsagt vera potet og full rulle med mat. Minstemann måtte jamt og trutt ha bleieskift. Eg trur mor "flotta" seg litt med nokre papirbleier i tillegg til tøybleiene, som måtte vaskast.

Annonse

Søskenbarnet mitt og eg hadde fått fiskestong med kastesnelle, og desse klarte me og surra snøret på gong etter gong. Det var mødrene våre som hadde tolmodsjobben med å fiksa opp att i surret. Søskenborna våre hadde teke med mange teikneserieblad som me kunne lesa i. Etter den turen kan eg lesa i alle stillingar utan å verta bilsjuk.

Etter mange ferjeturar og lang køyretid enda me i Molde. Eg minnest me var og såg staden der Kong Haakon var avbilda under bjørketreet då han forlét landet under Andre verdskrigen. Me var også på besøk hjå slekt som dreiv gard ute på Hustad. Turen heim gjekk om Austlandet med fiskestong i Mjøsa. Der fekk eg den einaste fisken på turen.

Eg minnest alltid denne ferien når eg seinare har vore i Molde. I vaksen alder har eg meir enn ein gong tenkt på kva ferie det var for foreldra våre, med alt det styret det var for dei, spesielt mødrene våre i den tida. Eg har berre gode minner frå turen, men eg trur ikkje eg som forelder ville teke med borna på denne typen ferie i notid.

Kan hende innbyggjarar i landet burde reisa litt meir i eige land med bil for å læra litt om avstandar og all den utfordrande naturen me har. At det er busetnad på dei utrulegaste stader, sett med «byauge». Det vert ikkje det same å fly frå Stavanger til Trondheim som å køyra bil, det har noko med avstandsforståing og gjera. Når Trygve Slagsvold Vedum snakkar om "innanfor og utanfor Ring 3 i Oslo" er det noko av dei same tankane eg gjer meg.

Eg kan ta eit døme. Som leiar i Noregs Bondelag skulle eg delta på møte i Bodø. Det var leiarmøte i Nordland Bondelag. Eg skulle koma ein dag før møtet og reisa ut til Beiarn og besøkja eit lokallag.

Eg tok ut om morgonen med ein liten leigebil, det er godt med liten bil på smale vegar som ein ikkje kjenner. Vegen var kupert og svingete. Slike gongar «vaknar» det eit snev av Petter Solberg hjå meg og det er gildt å køyra bil. Det var ein triveleg dag i Beiarn, med godt drøs (snakk), politikk og god mat. Det var slike dagar som var ekstra trivelege som leiar.

Då eg kom tilbake til Bodø fekk eg spørsmål om korleis turen hadde gått. Eg trur dei tenkte att denne jærbuen hadde godt av å verte sendt til ein plass som ikkje kunne kallast verdas navle, på svingete og smal veg. Men det dei ikkje visste var at eg var oppvaksen med slike smale vegar, berre at eg var vand med grusveg, og at eg kjem frå det som må kallast ein utkant på Jæren. Eg svara at det var ein skikkeligen trivelege dag og at det var ein gild køyretur.

Sett i ettertid trur eg den lærdomen eg fekk med meg frå turen tidleg gav meg ein forståing av ulikheiter og avstandar, som vårt land har mykje av.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kven har skulda når nokon blir sjuke av bakteriar i maten?