Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Den store biobløffen

Å lage biodrivstoff er galmannsverk.

Ivrige og veltalande miljø- og klimaaktivistar arbeider sterkt med det grøne skiftet, men kor berekraftig er biodrivstoffet, spør innsendaren. Foto: Mostphotos
Ivrige og veltalande miljø- og klimaaktivistar arbeider sterkt med det grøne skiftet, men kor berekraftig er biodrivstoffet, spør innsendaren. Foto: Mostphotos

Fleire politiske parti har no sett som mål at innan 2030 skal 40 prosent av drivstoffet vera biodrivstoff. Biodrivstoff skal lagast av plantemateriale og er fornybart. Ivrige og veltalande miljø- og klimaaktivistar arbeider sterkt med det grøne skiftet, men kor berekraftig er biodrivstoffet?

Kvar skal biodrivstoffet koma i frå? Arbeidarpartiet var fyrst ute med krav om 40 prosent biodrivstoff. No har også regjeringa gjort vedtak om det same. Under budsjetthandsaminga i 2016 sette Stortinget som mål at i 2020 skulle det vera 20 prosent biodrivstoff.

Palmeolje er mykje etterspurt til biodrivstoff. Det blir hogge ned svært mykje regnskog for å dyrke palmer til oljeproduksjon. Det er ei sosial og miljømessig katastrofe, seier Nils Herman Ranum i Regnskogfondet.

Rasering av regnskogen fører også til ekstra utslepp av såkalla "skadelege klimagassar" som ein nettopp skal hindre. Dette kan ikkje vera berekraftig. Den norske stat har bruka mange milliardar på å redde regnskogen.

I USA vart 90 prosent av maishausten før 2016 bruka til mat og dyrefor. USA har stort forbruk av drivstoff og stor trong for olje. Dersom heile maishausten gjekk til å lage etanolsprit ville det utgjera om lag 10 prosent av forbruket. Frå 2016 vart 40 prosent av maisen omgjort til etanol.

Matkorn til å lage drivstoff er galskap. Cornell-universitetet er reikna som det fremste i USA når det gjeld miljøforskning. Professor David Pimentel mfl påvisar at å lage biodiesel og etanol frå landbruksprodukt brukar meir energi enn det dei får ut. Det er bortkasta for det går med meir energi i fossilt drivstoff enn det ein vinn inn frå såkalla grøn energi. For mais er dette 29 prosent, soya 27 prosent, for solsikke 118 og for trevirke heile 57 prosent.

Annonse

Etanol har heller ikkje så mykje energi pEr volumeining som bensin. 1,3 l etanol er lik 1 l bensin. Etanol slepper ut like mykje CO2 og i tillegg kreftframkallande stoff som formaldehyd, aldehyd og ethylnitritt.

Bruk av mat og fôrkorn vil føre til svært høge matvareprisar. Maisprisen vart firedobla i Mexico og prisen på ris auka og mykje.

Sukkerproduksjonen i Brasil har ei mørk bakside. Sukkerbaronane brukar paramilits til å taka jorda frå småbøndar. Dess meir vesten, t.d. Noreg og Sverige spør etter etanol, til meir jord blir teke frå småbøndane .

Trevirke frå skog må vel vera greit? Det er velkjent at ved å bruke cellulose kan ein lage sprit. Borregård industrier er blant dei beste til det. Av ein m3 tømmer (trevirke) får dei ut 130 l etanolsprit. Det er svært lite energieffektivt. Det må 57 prosent meir fossil energi enn det dei får att i etanol.

Dersom den norske vegtrafikken, traktorar og anleggsmaskiner skulle bruke 40 prosent etanol frå trevirke er det 26 millionar m3. Den årlege tilvoksteren er 25 millionar m3. Trevirke og hogsten i dag er 10 millionar m3.

Nedhogging av skogen ville føre til mindre opptak av den «farlege klimagassen CO2» Dette er ikkje berekraftig.

I tillegg kan ein få store problem med motorar produsera før 2002. Det vil bli svært dyrt drivstoff fordi trevirket har ein langt høgare verdi til cellulose og papirproduksjon.

Konklusjon: Å lage biodrivstoff er galmannsverk. Kor lenge skal me lata kunnskapslause politikarar få herje med CO2-avgifter som fører til tap av av svært mange arbeidsplassar, bruke over 40 milliardar på statsbudsjettet til inga nytte og gjera drivstoff altfor dyrt for oss som bur i utkantane og er heilt nøydd til å bruke bilen? Me må stope denne galskapen!

Neste artikkel

Klimaku 2021 øker bondens lønnsomhet