Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Den stille sentraliseringa»

Det er ein utarmingsstrategi.

Sentraliseringspolitikken endrar i sum busetnadsstrukturen i landet. Foto: Siri Juell Rasmussen
Sentraliseringspolitikken endrar i sum busetnadsstrukturen i landet. Foto: Siri Juell Rasmussen

Under denne «parolen» dokumenterer Nationen i utgåve etter utgåve på ein sakleg og illustrerande måte med gode døme frå dagleglivet i landet vårt korleis i serleg grad regjeringa styrer Distrikts-Noreg inn i den tronge sentraliseringskløfta. Denne kløfta er så smal at ein knapt kan få snudd for å kome ut att og inn på betre spor tilbake til ein politisk kurs som tener distrikta i staden for å utarme dei.

Annonse

Sjølv om regjeringa meiner det motsette i påstanden sin om ein politikk som tener distrikta, er dette ein utarmingsstrategi nærast utan sidestykke i norsk distriktspolitikk steg for steg i ein tilsynelatande stillferdig sentraliseringspolitikk som i sum endrar busetnadsstrukturen i landet.

Ved å sentralisere arbeidsplassar og folk som skulle forvalta, utnytta og levd av ressursane rundt seg, må ein flytte frå dette næringsgrunnlaget og inn til sentrale strøk, medan ressursane ligg att i bygdene. Ressursar det ikkje er grobotn for i byar og større tettstader. Urbant hobbylandbruk og nokre få statlege kontor og arbeidsplassar kan berre i liten grad erstatte tapet som i stor stil går føre seg på landsbygda.

Det verste er at det urbane sløret også er i ferd med å legge seg over Bygde-Noreg, styrt av trendar og livsstil som byfolket dreg med seg når dei gjestar landsbygda i beste meining. Og her får Erna og co. god hjelp, til dels av meiningsfeller, i den utviklinga ho ønsker.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kan vi stole på kommunikasjonsrådgiverens myrutsagn?