Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei som forstyrrer valet

Lokalpolitikken er edel og utmattande, livsviktig og tidkrevjande. Korleis skapar vi nytt liv i kommunestyresalen?

Forstyrrer: Det er ikkje desse politikarane lokalvalet handlar om. Kommunepolitikk handlar om alt det andre. Om kvardagar i heile Noreg. Foto: NTB scanpix

9. september i år er det kommuneval. Nye folkevalde skal på plass. Nye ordførarar skal veljast. For nokre er det takk for seg og ha det til skjenkeløyve, planstrategi og endelause forslag til vedtak. Kanskje stod ikkje politikartilværet til forventingane?

Engasjement og deltaking er livsnerven i alle lokalsamfunn, limet som bind oss saman. Mange ynskjer å vere med på å forvalte den demokratiske arven vidare. Det skal vi ikkje ta for gjeve. Berre to prosent av oss er aktive i politiske parti. Endå færre er ombodsmenn og -kvinner i kommunestyra.

Det finst ikring 11.000 folkevalde rundt om i landet. Etter valet blir det 1437 færre – både på grunn av kommunesamanslåingar og reduksjonar elles, skriv Kommunal Rapport. Det betyr færre til å meine. Færre til å vedta. Færre til å lytte. Nokre seier at reduksjon i talet på folkevalde kan gje ny gjev til demokratiet og arbeidet i kommunestyra. Kan hende blir det større rift om plassane? Kan hende blir det gjævt att å vere med?

Eg er kommunestyrerepresentant i Nord-Aurdal i Valdres. Lokalpolitikken har gjeve meg innblikk i og erfaring med den offentlege forvaltinga, ei erfaring som eg ikkje ville vore forutan. Korleis fungerer lokaldemokratiet i ein norsk bygdekommune i dag?

Venstre har to representantar av totalt 25. I møte med tungvektaren Arbeidarpartiet er vi som peanøtter å rekne. Ikkje for det. Vi er irriterande aktive. Nyttar talarstolen ofte. Ikkje alle gjer det. Fleirtalet i kommunestyret aller minst. Det lokalpolitiske engasjementet er ikkje jamt fordelt. Det slår meg kor taus majoriteten er, kor stille og disiplinert han ter seg. Kor er opposisjonen i posisjonen?

Lokalpolitikk gjev dårleg samvit for den som er anlagd for slikt.

Fleirtalet fylgjer sin eigen rytme, tek debatten på eigne partimøte, eller i samråd med makker Senterpartiet – og reduserer resten av kommunestyret til passive medpassasjerar.

Annonse

Etter kommunevalet i 2015 var Arbeidarpartiet og Senterpartiet dei store vinnarane med rekordmange ordførarar. Mykje tyder på at særleg sistnemnde vil gjere det godt også denne gongen, ikkje minst hjelpt av denne avisa. Spørsmålet er korleis dei forvaltar makta, sitt eige fleirtal.

Politikken er edel. Den politiske kulturen er ikkje alltid det. Det er mange ytterlegheitskulturar i norske kommunar. «For mykje semje og for mykje strid utgjer på kvar sin måte eit demokratisk problem», skriv Yngve Flo, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. Engasjementet må heller ikkje vere for stort. I salen er det nokon som himlar med augo. For mange spørsmål gjer deg til urokråke. Forstår du ikkje reglementet, er du ei kløne. Kjensla er nærliggjande.

Då er det ei større utfordring å kome den tause kulturen til livs. Mange er redde for å gå på tvers, også i kommunesektoren, for å såre eller å vere til bry – eller legge hindringar i vegen for pengesterke utbyggjarar, til dømes. Bygdekommunar er oversiktlege. Dei som bur der, inngår i eit finmaska nettverk av nære relasjonar. Men sjølv om bygda er oversiktleg, er dei økonomiske nettverka ikkje alltid det.

Lokalpolitikk er edelt, men òg hardt arbeid. Iblant kjenner eg meg makteslaus over alt som kan gjerast, over alt som må lesast, alt ein burde sett seg (betre) inn i. Kompleksiteten i sakene er stor. Mengda endå større. I kveldane før møta sit eg med nasen i papirbunken, i telefonen med andre folkevalde, framfor tastaturet og på sosiale medium. Brukar eg ti timar i veka på politikk? Tjue? Eg veit ikkje. Engasjementet fordeler seg på kommunestyre og planutval, i formøte og ettermøte, i lokallag og i fylkeslag. Frivilligheita tek mykje av tida mi, som eg gjerne skulle brukt saman med vener og familie. Lokalpolitikk gjev dårleg samvit for den som er anlagd for slikt.

Det er kommuneval, men valet får sjeldan den merksemda det burde ha. I staden fyllest TV-ruta med rikspolitikarar og kjendispolitikarar i hovudrollene. I beste sendetid får vi vite alt om personkonfliktar og pikante hendingar. Ola Borten Moe hånar Venstre på Senterpartiet sitt landsmøte, les eg i Nationen. Andre politikarar er ikkje stort betre. Uthenging gjev merksemd og klikk på nettet. Kvifor vart det slik?

Den politiske kutymen smittar. Gjer samfunnsdebatten sjuk. Også lokal. Eg merkar det i diskusjonar på nettet. Nokon grev seg djupt ned. Andre att skrik alt dei maktar. Med store bokstavar og utropsteikn. Den tilspissa forma forstyrrar debatten og byggjer opp konstruerte fiendebilete. Eg sit att med eit inntrykk av at nokon parti har moralen på si side. Andre har ikkje det. Nokon parti er gode. Andre er ikkje det. «Behovet for å finne kompromisser og omforente løsninger i fellesskap har aldri vært større», skriv Marit H. Meyer, generalsekretær i Venstre.

Kommunevalet 2019 dreier seg ikkje om kva Hadia Tajik seier, kva Erna Solberg ikkje seier, latteren til Trygve Slagsvold Vedum eller når Siv Jensen sist tok seg ein utepils. Kommunepolitikk handlar om alt det andre. Om kvardagar i heile Noreg. Om engasjement og deltaking. Om inkludering og demokratibygging. Tema som kryssar kunstige politiske skiljelinjer, tema som bind oss saman som folk.

La oss snakke meir om dette.

Neste artikkel

Politisk spel, revirkamp og balansekunst