Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei brysame veljarane

Det kan vera tungt for mange politiske motstandarar og meiningsytrarar å vera vitne til Senterpartiet sin framgang i kommunevalet.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Siri Juell Rasmussen
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det vart eit kjemperesultat, sjølv for ein ihuga senterpartist. Men var resultatet heilt uventa – eller sagt på ein annan måte – teke ut av det blå?

Når me ser på framgangsmåten og resultatet av ulike reformtiltak og enkelvedtak som regjeringa har gjennomført, har mange veljarar reagert med undring og irritasjon. Eg kan nemne fylkessamanslåing av Finnmark og Troms på tvers av folkevilje og folkeavrøysting, det siste rett nok i seinaste laget.

Kjempefylkessamanslåinga frå Hardangervidda til Svinesund er også eit misfoster. Nedlegging av Andøya flystasjon var ein uppercut mot Nord-Noreg. Sindige folk frå Nord-Noreg har med rette reagert mot regjeringa sin politikk. Nærpolitireforma framstår meir og meir som klengenamnet fjernpoliti. Det kan sjå ut som at det er brannvesenet som er først på ulukkesstaden enn så lenge, det kjem kanskje ein reform snart der, også?

Det vert hevda at Sp står for ein polariserande politikk. Eg meiner det er regjeringa med sin sentraliseringsiver som har lagt grunnlaget for polariseringa. Små kommunar kan føra til korrupsjon på grunn av kjennskap, er også ein påstand eg har sett fremja. Saker som har vore framme i media med mistanke om slike ting er stort sett relatert til større kommunar.

Enkelte likar ikkje ordet "nærleik", som Sp har brukt i valkampen. Eg har levd i trua at det tyda velfungerande samfunn der folk tek vare på ein annan og bryr seg om nabolaget sitt og at dei nødvendige tenestene finst i rimeleg nærleik.

Senterpartiet har vore det tydelegaste opposisjonspartiet og det har veljarane fått med seg, tydelegvis til manges frustrasjon. Skal ein då tilskriva framgangen til Sp som regjeringa si forteneste? Det er etter mi meining ein for enkel slutning. Sjølvsagt har mykje av regjeringas politikk vore lissepasningar til Sp.

Annonse

Det kan ikkje vera uventa at Sp reagerer som dei gjer når regjeringa fører ein politikk som går rett i ryggmergen på senterpartistar. Det er våre kjernesaker dei angrip, og det ser også ut til at det er mange veljarar som reagerer likeins. Det kan sjå ut som at begeret er fullt for fleire enn det ein rekna for «distrikt/landbruksnæring».

Korleis skal ein «forvalte» denne oppslutninga fram mot stortingsvalet om to år, når det store slaget står? Det vert viktig å behalda posisjonen som det tydelegaste opposisjonspartiet, med så klare og tydelege svar som mogleg. Det kjem til å dukka opp mange åtak på Sp no som me har vorte større. Det gjer også moglegheiter for å vera aktuelle i den offentlege debatt. Det vert endå viktigare å rusta organisasjonen for medlemsvekst og større pågang frå medlemmer.

Dersom eg skal prøve og peike på noko av det eg meiner har vore årsaka til framgangen, utanom det eg har nemnt ovanfor, kjem eg ikkje utanom leiaren, Trygve Slagsvold Vedum. Vedum er veldig tydeleg på att han lyttar til folk. Det er folk «der ute» som kjenner på kroppen vedtaka som vert fatta i Stortinget, bruker han å seia. Det er ikkje utan grunn me har fått to øyrer og ein munn.

Vedum si reiseverksemd i forkant av kommunevalet var imponerande. Han har vore rundt i heile landet, på små og store stader, og det er starta mange nye lokallag for Sp. Å vera synleg og til stade må ikkje undervurderast, då eg trur veljarane likar å sjå og høyre den som er leiar i partiet. Dette er ein direkte oppfølgjar av "kaffikoppstrategien" – sjå folk i auga og lytta til dei. Ein slik leiar set ein standard for heile organisasjonen.

Dersom andre parti tolka resultatet av valet som at folk ikkje skjønar sitt eiga beste når Sp har fått stor oppslutning, trur eg dei er på villspor. Diskusjon og ueinigheit om politikk er ein sjølvsagt ting, men veljarane har all makt i eit demokrati – heldigvis. Dei som etterlyser kva Senterpartiet står for, bør lesa programmet. Sp har eit program for inneverande 4-års periode, og skal sjølvsagt utarbeida nytt program for neste periode. Det vert spanande om me etter neste val kan seia morna til dei som styrer.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Koronaevaluering på bakrommet