Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dårskapens ferjereiser

Mens fylkespolitikarane i Møre og Romsdal må tyne ferjependlarane for å få budsjetta til å gå i hop, driv ferjeselskapa med overskot i hundremillionarsklassen. Er det god forvaltning av samfunnsverdiane?

Ferjeopprør: Medan ferjereisande må stadig høgare takstar, tener eigarane av selskapa gode pengar.  Foto: Roy Karlsvik / Mostphotos
Ferjeopprør: Medan ferjereisande må stadig høgare takstar, tener eigarane av selskapa gode pengar. Foto: Roy Karlsvik / Mostphotos

– Ej bli so forbainna!

Det er revyfiguren Kjell «Kjellen» Bigset frå Ørsta og humorframsyninga Klypa som støtt stadig kjem med slike utbrot i frustrasjon over små og store hendingar i kvardagen som ferjematros – helst er det småting som får det til å koke i hovudet hans.

No har han fått med seg heile ferjefylket Møre og Romsdal på forbanninga. Facebook-gruppa «Protest mot økte fergetakster» har over 23 000 medlemmer, og det er slett ikkje kvardagsfrustrasjonar som får elles så sindige sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar til å hente fram kraftsalvane.

Da tusenvis av ferjependlarar hadde gjort unna nyårsfeiringa og trilla bilane sine om bord på ferjene på veg til første arbeidsdag i det nye tiåret, vart dei møtte av eit prispåslag på to takstsoner. Til sommaren skal dei straffast ytterlegare for at dei møter på arbeid og held samfunnshjula i gang. Da blir takstane auka med enda éi takstsone.

Tre takstsoner på eitt år – det blir ikkje akkurat småpengar av slikt. Ein pendlar som er avhengig av bil i kommunen vår – med ein kort ferjetur – må ut med over tusen kroner meir i månaden når alle prispåslaga har slått inn til sommaren. Det kjem til å svi enda meir andre stader i fylket.

Årsaka til takstauken i Møre og Romsdal er samansett: I 2010 vart ansvaret for store delar av riskvegnettet overført frå staten til fylka, med det følgde også det økonomiske ansvaret for mange ferjestrekningar. I tillegg er fylka pålagde ei storstilt omlegging til utsleppsfrie ferjer. Det kostar.

Korkje ferjeselskapa eller eigarselskapa bak dei igjen gjer noko gale; dette er ei politisk vilja og ønskt utvikling

På toppen av alt dette har fylkespolitikarene slite med ein grinete fylkesøkonomi – som i stor grad kjem av eit overforbruk dei sjølve er ansvarlege for. Dei måtte kutte 112 millionar i budsjettet for 2020. Da blir det altfor lett å strø titals millionar i kutt over ferjependlarane – det blir tilsynelatande ikkje så store summar på kvar enkelt.

Annonse

Eller som samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal har uttrykt det ifølgje Sunnmørsposten: «På ferje tåler vi mer takstøkning før det kommer en negativ reaksjon.»

Men dette har også ei anna side. Ein gong var det i stor grad fylkeskommunale og offentlege selskap som stod for den viktige samfunnsoppgåva det er å frakte folk mellom stader der det elles ikkje finst vegar, og slik halde oppe både busetjing og næringsliv.

Den kraftige privatiseringsbølgja som skylde over landet dei to siste tiåra av det førre tusenåret, råka også ferjetrafikken, som no blir driven av nokre få ferjeselskap, delvis eigde av internasjonale holdingselskap.

Det er Fjord1 (der Havila Holding AS i Fosnavåg er majoritetseigar) og Norled AS (eigd av CapMan Infra i Finland, og CBRE Caledon Capital Management i Canada) som har anboda på dei fleste ferjestrekningane i Møre og Romsdal.

Medan den økonomiske knipa rir fylkespolitikarane, ser det ut til at eigarane av ferjeselskapa har gode dagar. Fjord1 hadde eit årsresultat på 714 millionar kroner før skatt i 2018 og kunne betale 270 millionar i utbytte til eigarane; Norled hadde eit årsresultat på 228 millionar kroner før skatt i 2018 (ifølgje proff.no). Det som er sagt om resultata i 2019, gir heller ikkje selskapa grunn til å gråte.

Korkje ferjeselskapa eller eigarselskapa bak dei igjen gjer noko gale; dette er ei politisk vilja og ønskt utvikling. Men tanken på at det skal vere samfunnsgagnleg at nokon skal profittere på eit reisebehov der det ikkje finst alternativ, står for meg som absurd.

Den skrikande kontrasten mellom offentleg armod og privat rikdom blir ekstra tydeleg når fylkespolitikarane må bruke ferjetakstane som ei form for ekstraskatt for å få budsjetta til å gå opp, samtidig som vi sender pengar inn i allereie velfylte lommebøker.

Samferdselsminister Jon Georg Dale, sjølv sunnmøring, har gått ut av valkampmodusen og har heilt inntil dei dagane da dette blei skrive, nekta å bidra med pengar til ferjeøkonomien i Møre og Romsdal. Det er heilt andre tonar enn da han og regjeringa i fjor villig opna oljefondet for å stagge bompengeprotestantane og sukre røystesetlane før lokalvalet.

– Ej kjeinne ej bli opptrekte ta heile greiene, seier Kjell «Kjellen» Bigset.

Han har mange med seg, for dette handlar både om å kunne bu, arbeide og drive næring i fylket vårt – det handlar om sjølve livsnerven i samfunna her nordvest.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kraftinntektene er sikret