Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dagens gladiatorarena

Om flyskam, kjøttskam og folkeskikken på Facebook.

Underhaldning: På gladiatorarenaen Colosseum i Roma var det underhaldning i å sjå at folk "vart kasta til løvane". Er Facebook dagens gladiatorarena? Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix
Underhaldning: På gladiatorarenaen Colosseum i Roma var det underhaldning i å sjå at folk "vart kasta til løvane". Er Facebook dagens gladiatorarena? Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix

Kona og eg brukar kvar haust å reisa til ein storby sør i Europa for å få med noko varme inn i vinteren. I år gjekk turen – trass i alt fokuset på miljø og flyskam – til Roma, den evige stad.

Me har vore der tidlegare. Men det er framleis mykje å få med seg, sjølv for ein som ikkje var begeistra for historie på skulen. Hotellet me losjerte på ligg ein kort gåtur frå Vatikanet og fleire andre større sjåverdigheiter i Roma. Gladiatorplassen Colosseum ligg ein busstur unna og er vel verd eit besøk. Kor mange liv som er gått tapt under bygging og slåstkampar veit eg ikkje, men å verta kasta til løvene i den tids Roma var underhaldning.

Gode og mindre gode ting er spreidd over alt på ein augeblikk, mest som ein uregjerleg skogbrann utan brannsløkkjingsutstyr.

I dagens samfunn er det andre gladiatorplassar, som til dømes Facebook, som kan minna om å verta kasta til løvene. Eg synest noko av det som vert omtalt på Facebook kan minna om at dei har tatt ein «lille ein» som danskane brukar og sei. For min del er livet for kort til at eg er på Facebook. Eg får heller får utløp for diskusjon som lokalpolitikar og direkte meldingar.

For å koma seg til Roma på ein snarvisitt er flyreis løysinga. No for tida er det snakk om flyskam, kjøtskam, bilskam, kledeskam og kanskje også gamaldags skamkjensle. Eg fekk med meg Petter Stordalens uttale i NRK Dagsrevyen etter kjøp av flyselskapet Ving; han skulle ha fulle fly for å forsvara miljøsaka. Dersom det er rett miljøforståing kan eg opplyse att flyreisene våre tur-retur Stavanger-Roma var stappfulle.

Annonse

Eg har også merka at Stordalens hotellkjede oppmodar folk om å avgrense inntaket av raudt kjøt. Det er lite samanheng mellom liv og lære når ein handlar seg eit flyselskap samstundes som ein oppfordrar til mindre kjøteting. Stordalen skal også ha ni bilar ståande. Alt dette er greitt for meg, det er ikkje noko eg skal bry meg med, men ei meir audmjuk tilnærming til miljø hadde kledd Petter Stordalen, dersom det var eit ærleg engasjement. Nå verkar det som ein mediajippo, men det står vel til stilen hans.

Det var ein jærbu som for lang tid sidan var mykje sitert i avisene. Han bruka å seia; same kva de skriv, berre de skriv noko. Det er vel nokon som meiner all omtale er eit gode, eg tvilar på den påstanden!

I Roma var me heldige med været, me hadde godt over 20 varmegrader kvar dag. Utanfor hotellet er det ein triveleg fortausrestaurant der ein kan sitja og sjå på livet i Roma, anten det er gåande eller køyrande.

For ein som kjem frå bygda og likar å observere ting, er det mykje å sjå. Dobbel og tredobbel parkering er ikkje uvanleg, lommeparkering kan gå føre seg på plassar der det ikkje er plass, men det vert plass. Trafikken i Roma ser ut som organisert kaos, men det fungerer. Ein drosjetur i Roma er mest som ein lokalrevy, språkforståing er ikkje nødvendig for å forstå omtale av medtrafikantar. Mimikk og handa ut av eit ope vindauge og diverse bevegelsar er ikkje og misforstå. Dei køyrer som det er eit rallyløp der bilen er stolen. Dei einaste som er freda for slik omtale er tohjulingar i ulike storleikar.

Når ein sit og kosar seg i varmen og ser på livet som rullar forbi, er det lett å la tankane streife kringom. Me kavar heime i Norge med fossilfrie biler og bussar, el- og gassferjer, kjøtfrie dagar, vindmøller på kvar ein bergnabbe for å skapa eit betre miljø, samstundes som me skal føle skam for vår livsførsel. Kva ser ein i denne byen? Det dundrar dieselbussar i eit bankande køyr, det var ein enorm biltrafikk utan at eg såg ein einaste elbil, sjølv om ein skulle tru elkraft ville fungert betre i det varme sør enn i kalde nord.

Denne skamkjensla som eg var inne på tidlegare ser ut til å vera totalt fråverande hjå mange når det gjeld kommentarfelt i avisene og deler av kommunikasjon på Facebook. Alminneleg folkeskikk og respekt for andre meiningar, framfor og spy ut edder og galle som ligg synleg for alle. Det er mykje bra med det digitale samfunn, men som med alt nyvinning er det bakdelar her også.

Gode og mindre gode ting er spreidd over alt på ein augeblikk, mest som ein uregjerleg skogbrann utan brannsløkkjingsutstyr. Det verkar som det er lite som kan motverka denne utviklinga. Eg trur ikkje det er andre ting enn sjølvjustis som kan motverka dette.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Direktørene kom ned på jorda – til slutt!