Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dab reddar radiodagen

Eg skulle servert sjampanje den dagen FM-nettet blei sløkt.

Mot dab: Motstandere av slukking av FM-nettet demonstrerer utenfor Tryvannstårnet i 2017. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Mot dab: Motstandere av slukking av FM-nettet demonstrerer utenfor Tryvannstårnet i 2017. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Her kjem noko så sært som ei stemme frå Distrikts-Noreg som prisar dab, og som ikkje har sakna FM-sendingane éin dag etter at FM-nettet vart sløkt for to år sidan. Da fekk vi over natta femten klokkeklare kanalar i staden for dei to gamle med skurring, skraping og sus. I tida etter er det dab-kritikarane som har stått for støysendingane.

Eg er ein pasjonert radiolyttar – for meg er ein dag utan radio nesten verre enn ei natt utan søvn. Det skjer knapt at eg går ut på åkrane for å jobbe utan å ha eit radioprogram på øyra, og det er ikkje grenser for kor kjedeleg arbeid eg kan drive med, så lenge eg har noko interessant å lytte til. Hadde eg visst det eg veit i dag, skulle eg ha dekt på eit bord med kvit duk midt utpå ein av åkrane og servert blautkake og sjampanje den dagen FM-nettet blei skrudd av og dab-sendingane nådde oss. Endeleg fekk vi i dei ytste utkantane eit radiotilbod radiolyttarar i meir sentrale strok har hatt i årevis.

Likevel får vi høyre at dab er ein katastrofe for Noreg. Påstanden har vore ein attergangar i debatten om radiotilbodet her til lands både før og etter 2017, da FM-nettet blei sløkt, og ei temmeleg høgrøysta og uttrøytteleg gruppe dab-kritikarar held det framleis gåande med ein endelaus straum av lite truverdige spådommar om radioundergang og norsk digital radioeinsemd etter at rikskanalane og ein god del nærradioar blei digitaliserte.

Meir underleg er det at Senterpartiet har stritta mot ei digitalisering av Radio-Noreg som har gitt Distrikts-Noreg eit mykje betre radiotilbod.

Berre dei siste par månadene er vi i ulike medium presenterte for påstandar om at den norske dab-politikken er totalt mislykka; dab er blitt kalla «den største floppen i europeisk kringkastingshistorie» og karakterisert som «en skral og uttørket brud». Dab-kritikarane har jobba trottug på i fleire år og prøvd å gi inntrykk av at dei jobbar for FM og eit godt framtidsretta radiotilbod. I realiteten jobbar dei for stilstand og eit avleggs radiotilbod.

Katastrofe? Flopp? Ei skral og uttørka brur? Nei, tvert imot. For oss som er radiofrelste i Bygde-Noreg, er radiokvardagen blitt eit mangfald vi knapt kunne drøyme om før 2017, da tilbodet var to radiokanalar (og ein nærradio som sende ein endelaus straum av uinteressant musikk), plagsam skurring, og sendingar som hoppa frå stereo til mono alt etter kvar i landskapet vi var – viss vi i det heile fekk inn sendinga.

Annonse

Den digitale radioteknologien har gjort det mogleg å distribuere mykje meir radio til mange fleire enn det FM-nettet nokon gong var i stand til. Det var også hovudformålet med omlegginga: meir radio til heile landet.

I tillegg er opplevd lydkvalitet for ein vanleg radiolyttar jamt over betre i dab-sendingar enn i FM-sendingar. Dab-nettet er betre eigna i beredskapssamanheng enn FM-nettet; dab-nettet er billigare å drive; kvar sendar dekkjer større område; allereie året etter at FM-nettet var stengt, nådde dab-sendarane ein større del av befolkninga enn det FM-nettet gjorde da det var i drift.

På toppen av dette er det all grunn til å ta påstandane om at det berre er Noreg som satsar på dab, med ei klype salt. Dab er den føretrekte digitale radioløysinga i så å seie alle vesteuropeiske land, lyttartala aukar, og neste land som sløkkjer FM-nettet, er Sveits. Det skjer etter planen innan 2024.

Men støysendingane frå dab-kritikarane held fram og når inn i stortingssalen, der det framleis er politikarar som er klare til å slåst for den utdaterte FM-teknologien. Det er kanskje ikkje så overraskande at Frp vender seg til dei som til kvar tid skrik og skrålar høgast.

Meir underleg er det at Senterpartiet har stritta mot ei digitalisering av Radio-Noreg som har gitt Distrikts-Noreg eit mykje betre radiotilbod, og prøvd seg på fleire omkampar om FM-nettet. No har dette kokt ned til omtanke for nærradioane som framleis sender på FM-nettet.

Det er naturlegvis ein fin tanke for radiomangfaldet. Men kva om dei brukte dei politiske kreftene på å jobbe for å gi også nærradioane økonomi til å bli med på digitaliseringa, til å tette dei hola som framleis er i dab-dekninga – og ikkje minst presse på for at også dei kommersielle kanalane får tilnærma hundre prosent dekning. Det vil gi 17 nye radiokanalar mange stader i Distrikts-Noreg.

Så kan vi vone at støysendarane til dab-kritikarane etter kvart også blir sløkte – saman med siste rest av FM-nettet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skatteetaten retter opp og endrer regelverk og praksis