Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Då Nortura ikkje fanst

Eg har ofte undra meg på om det var det at bøndene tente for mykje som var grunnen til at vi skulle ha konkurranse.

I Nationen onsdag 6. februar 2020 filosoferer Ola-Jørn Tilrem over kva som vil skje om Nortura forsvann. Vi treng ikkje filosofering over det. Vi veit frå historia korleis situasjonen var.

Les innlegget frå Ola-Jørn Tilrem her:

Tilrem er for ung til å hugse det, og eg som er 87 hugsar det heller ikkje. Men eg har i alle fall snakka med dei som nå heiter tidsvitne. Eg voks opp på ein fjordgard på Sunnmøre der næraste marknad var Ålesund om lag tre mil unna.

Eg hugsar spesielt det ein onkel fortalde meg. Han var fiskarbonde. Då dei reiste med lammeslakt til Ålesund om hausten var det slaktarar i byen som var kjøpar. Dei var lite interessert i slakt heilt til det nærma seg tida mjølkebåten skulle returnere frå Ålesund. Då fekk dei ned til 35 øre pr. kilo for lammeslakta.

Dette førte til ei generell mistru og nærast hat til byfolk. Det varte til røynslene frå krigen slo inn og viste kor verdfull landbruksproduksjonen var.

Dette var ikkje eit norsk fenomen. På slutten av 1980- talet arbeidde eg i FN sin mat og landbruksorganisasjon FAO i Roma. Eg hadde kontakt med ekspertar som var ansvarleg for FAO sine husdyrprogram i ulike verdsdelar.

Annonse

Eg hugsar spesielt eit brev eg fekk frå ein amerikanar som var stasjonert i Buenos Aires i Argentina. Han skreiv om lag slik: Vårt største problem er såkalla mellommenn. Når fjellbøndene kom ned til låglandet og byane med lammeslakt på ryggen måtte dei selje til desse mellommennene. Dei kunne ikkje drive dørsal sjølve og kunne ikkje bere med seg lammeslakta opp att til fjellbygda. Dei måtte difor selje slakta for ein slikk og ingenting.

Eg har ofte undra meg på om det var det at bøndene tente for mykje som var grunnen til at vi skulle ha konkurranse. Den har i alle fall ført til at bøndene har tent mindre og at matvarekjedene har tent meir.

Tent mindre

Då omsetningslova kom først på 1930-talet og slakterisamvirket vart sett i stand til og delvis regulere marknaden vart situasjonen betre. Mange undrar seg på at Nortura ikkje klarer å regulere marknaden godt nok. Dei skjønar ikkje skilnaden på å produsere spiker og biologiske produksjonar. Det tar eitt til to år for å auke eller redusere ein produksjon av svinekjøtt eller lammekjøtt. Når produksjonen er klar for marknaden må han seljast eller fryselagrast. Difor blir det ofte overskot og låge prisar. Eg trur ikkje marknaden kan regulere slike produksjonar som tar to år.

Tilrem påstår at Nortura blir kompensert både for lagringa og henteplikta. Det trur eg er ei sanning med modifikasjonar. Det er vel slik som når staten skal kompensere kommunane for pålegg dei får. Kompensasjonen er 70–80 prosent av kostnadane.

Høgresida har alltid vore imot landbrukssamvirket. Dei gjekk imot omsetningslova på 1930-talet og har stort sett støtta private slakteribedrifter. Desse og matvarekjedene vil helst forhandle med enkeltbønder, då har dei mest makt. Det var den heilage konkurransen som skulle fremjast.

Eg har ofte undra meg på om det var det at bøndene tente for mykje som var grunnen til at vi skulle ha konkurranse. Den har i alle fall ført til at bøndene har tent mindre og at matvarekjedene har tent meir.

Tilrem skriv at bøndene stort sett har vore lojale mot Nortura. Det er naturlegvis ei sanning med modifikasjonar.

Eg har tidlegare kritisert Bondelaget og landbruksorganisasjonane for at dei har lagt for lite vekt på kor viktig solidariteten er for samvirke og heile landbruket. Det er resultatet av dette vi ser i dag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Bak vindmøller og rovdyr finner vi den skjulte trussel mot næring og natur