Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

CO2-avgift drep ikkje fiskeria

Skal aukast over tid, og ho kjem til å auke i andre land og.

Liv laga: Balansert CO2-avgift svekkar ikkje konkurransekrafta til norske fiskeri, meiner innsendaren. Foto: Mariann Tvete
Liv laga: Balansert CO2-avgift svekkar ikkje konkurransekrafta til norske fiskeri, meiner innsendaren. Foto: Mariann Tvete

Klimameldinga viser veg til lågutslippssamfunnet. For første gong vert vi konkret i korleis vi skal nå dei måla vi må nå for å unngå klimakrisa.

For fiskerisektoren er dette særs viktig. Klimaendringar kan føre til store negative konsekvenser for næringa. Eit døme er endringar i næringsgrunnlaget for torsken, som kan bety slutten for Lofot-fisket, og presse torsken stadig lengre nord og bort frå vår kyst.

Lukkast vi med klimatiltaka, reddar vi det, lukkast vi ikkje, kan det verte historie. Så mykje står på spill.

Lokalpolitikarar frå fleire parti, mellom anna Sp, åtvarer i eit innlegg mot konsekvensane av den varsla CO2-avgifta i klimameldinga, spesielt for fiskeria. Vi skjønar bekymringa, og avgiftsnivå og utvikling av regelverk kan ikkje skje i isolasjon i Noreg. Det må skje i balanse, og det må skje over tid. Derfor er det viktig med ein god plan.

Men, innlegget byggjer på fleire føresetnader som ikkje kan holde om vi tek klimatrugsmålet på alvor. Med det som utgangspunkt, vil innlegget berre vere (delvis) treffande, om:

Der ikkje skjer noko reduksjon i klimagassutslepp frå fiskeflåten frem til 2030.

Fiskeria ikkje tar del i overgangen til nullutslippsamfunn

Landa rundt oss ikkje gjer noko med klimautfordringane.

Annonse

Ingen av delane er tilfelle.

Fiskeflåta må som alle andre deler av samfunnet ta sin del av reduksjonen i utslepp. Her skjer ting allereie. LNG og hybridløysingar, kraftblokk på straum, hydrogen som drivstoff, amoniakkdriven motor, mykje skjer no i alle ledd av flåten.

Fiskeflåten kjem ikkje til å ha like store utslepp i 2030 som i dag. For kvar av desse løysingane, vert fossildelen og CO2-utsleppa mindre. Det same gjeld CO2-avgiftsrekninga. Derfor vert det galt å ta flåten i dag og tenke at konsekvensen av auka CO2-avgift frem mot 2030 er som om avgifta vart lagt på i dag. Omlegging og avgift vil gå hand i hand. Det gjeld alle sektorar, ikkje berre fiskeri.

I 2030 vil bruken av fossile drivstoff vere lågare, og dermed og verknaden av avgift på det einskilde fartøy. Verknaden den vil ha, er å gjere høge utslepp mindre lønsame, og reduksjon av utslepp meir lønsame.

Vil andre land gjere det same? Ulike land vil velje ulike løysingar. Men landa rundt oss har og forplikta seg etter Paris-avtalen til å redusere utslepp om lag i same storleik. Dermed vil ein sjå høgare Co2-avgiftar og i lands rundt oss. EUs store arbeid med grøn omstilling og taksonomi peiker i same lei. Dermed vert det ikkje rett å sjå på situasjonen i dag, og anta at landa rundt oss ikkje gjer noko, og av vi er dei einaste som gjennomfører klimaomstilling. Tvert i mot.

Berre kvotesystemet i EU vil drive Co2 prisen oppover i åra som kjem, etter kvart som kvotesystemet vert stramma til.

Innlegget inneheld fleire unøyaktige påstandar. Båtar vert ikkje bygd høgare og breiare enn de er lange, og korkje det gamle eller det nye kvotesystemet tvingar fiskarar til å aldri endre lengda på båten. Men, kvotegrunnlaget må hentast frå rett lengdegruppe, så kart og terreng stemmer, slik systemet og var i starten.

Når ein påstår at Co2 avgift vil gje større og færre båtar, er det viktig å hugse på at det er dei minste båtane som slepp ut minst per kg fisk, og dermed får minst avgift. Heller ikkje der treff innlegget.

Det står mye på spel. Ein kan velje å lukke auga og håpe andre sektorar, andre land og andre folk eller noko anna løyser problema. Eller ein kan velje å gjøre det ein må for å berge framtida for mellom anna lofotfiske. Om ikkje vi, kven då? Om ikkje no, når då?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Finnmark skulle sikres ferskfisk året rundt – så mistet skreien miljømerket