Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bryggeriforeningen villeiar om svenskehandel

Bryggeri- og drikkevareforeningens bruk av salsstatistikken for juni er villeiande med omsyn til svenskehandelen

Sjølsagt har bortfall av svenskehandelen under koronaepidemien auka kjøpet av drikkevarer i Norge, men det er forklaringa berre for ein del av auken, skriv Martinus Løvik. Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix
Sjølsagt har bortfall av svenskehandelen under koronaepidemien auka kjøpet av drikkevarer i Norge, men det er forklaringa berre for ein del av auken, skriv Martinus Løvik. Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix

Ein klok mann har sagt at det er tre slag løgn: løgn, forbanna løgn og statistikk. Ein blir minna om dette når ein les Bryggeri- og drikkevareforeningens utspel om ekstrem vekst av drikkevaresalget i Noreg i juni, sjøl om det som så ofte ikkje er statistikken som er feil, men bruken av den.

Annonse

Bryggeri- og drikkevareforeningen brukar juni-auken i salet som eit mål på kor stor svenskehandelen er (Nationen laurdag 25. juni). Sjølsagt har bortfall av svenskehandelen under koronaepidemien auka kjøpet av drikkevarer i Norge, men det er forklaringa berre for ein del av auken. Ein må ta med i betraktninga alle dei nordmenn som i juni normalt er på ferie i utlandet og kjøper drikkevarene sine der – dei har no vore heime og kjøpt drikkevarene på Vinmonopolet og i daglegvarebutikken. Og ferierande nordmenn er dessutan gjerne ekstra tørste, også når dei ferierer i heimlandet.

Bryggeri- og drikkevareforeningens bruk av salsstatistikken for juni er villeiande med omsyn til svenskehandelen, så lenge dei ikkje korrigerer for den store auken i kjøpande publikum i Noreg på grunn av at så mange har feriert innanlands.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Skivebom, Per Skorge