Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bruk av raudt kjøt

Det føregår nå for tida ein diskusjon om menneska bør slutta å eta raudt kjøtt.

Ein del av kosthaldet for mange: Raudt kjøt. Foto: Sergey Ogaryov / Mostphotos

Kor mykje raudt kjøt ein bør eta kan nok diskuterast, men dei aller fleste ernæringsekspertar meiner at ein del av kosthaldet bør vera raudt kjøtt.

Annonse

Ei anna sida av dette er at det er berre dyra med raudt kjøt som kan gjera gras om til menneskemat, mjølk og kjøt. Dersom ein ikkje vil eta raudt kjøt, betyr det at alle deler av verda der det veks berre gras, ikkje vil verta produsert menneskemat.

Den grasproduserande delen av verda er stor, kor stor veit eg ikkje. I Norge er tre prosent av landet dyrka eller dyrkbart areal, på resten er det store grasareal. I USA er store deler av prærien så tørr at det berre veks litt gras, som vert beita av kveg. Det gjeld for mange andre land rundt om i verda.

Konsekvensen av å ikkje bruka raudt kjøt og mjølk, vert at det ikkje er livsgrunnlag for dei som bur på jorda nå. Kva skjer då, eg berre spør?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

SV mener bønder må kompenseres for klimatiltak på gården