Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Borch går samferdselpolitikkens ærend

Nationen skriv 16. mai at Sandra Borch ikkje vil be alle statlege verksemder om å stanse nedbygging av matjord.

Upassande: Utspelet frå Sandra Borch hadde vore meir passande frå ein samferdselsminister, skriv innsendaren. Her ser me statsråden under feiringa av prinsesse Ingrid Alexandra nyleg. Foto: Heiko Junge / NTB
Upassande: Utspelet frå Sandra Borch hadde vore meir passande frå ein samferdselsminister, skriv innsendaren. Her ser me statsråden under feiringa av prinsesse Ingrid Alexandra nyleg. Foto: Heiko Junge / NTB

Det harmonerar dårleg med det brevet som Landsbruks- og matministeren og Kommunal- og distriktsministeren tidlegare sendte til alle landets kommunar om at kommunane skulle revurdere planlagte reguleringsplanar ut frå jordvernomsyn.

For det fyrste opnar dette for eit «klasseskilje» mellom kommunale og statlege myndigheiter ved at ein vil legge band på kommunane i jordvernpolitikken sin, medan statlege verksemder nærast kan få fritt leide når det gjeld nedbygging av matjord.

Dette gjeld spesielt til samferdselsprosjekt som veg og bane i eit mykje større omfang enn det som ligg i dei kommunale arealplanane. Samferdselsdepartementes utbyggingsplanar vil ha eit omfang som langt overstig dei nasjonale jordvernmåla på 3000 dekar årleg med sine 6000 dekar planlagte nedbyggingar av matjord, i følge Nasjonal transportplan.

Utspelet frå Sandra Borch hadde vore meir passande frå ein samferdselsminister og er eit sers dårleg signal frå ein landsbruks- og matminister som burde ha som oppgåve å kjempe for jordvernet til beste for landbruk og matproduksjon i staden for å gå samferdselspolitikkens ærend.

Neste artikkel

Norge må ut av luksusfellen for natur