Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bondelaget ser heilskapen

Eg skil ikkje mellom bønder som leverer her eller der! Men, det overraskar meg dersom ikkje alle bønder ser verdien av eit samvirke som marknadsregulator.

Eg vil seie at KLF-bedriftene og Nortura lever i ei slags symbiose for bonden, gitt at Nortura har store nok tilførslar til å utøve marknadsregulering og drive ein effektiv industri, skriv Anders Felde. Foto: Siri Juell Rasmussen
Eg vil seie at KLF-bedriftene og Nortura lever i ei slags symbiose for bonden, gitt at Nortura har store nok tilførslar til å utøve marknadsregulering og drive ein effektiv industri, skriv Anders Felde. Foto: Siri Juell Rasmussen

Bilde Bjørn-Ole Juul-Hansen i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund (KLF) prøvar å skape av Bondelaget som berre er oppteken av samvirkebønder, er feil. Det kan virke som om han i innlegget sitt i Nationen prøver å skape eit skilje mellom bøndene som eg ikkje kjenner meg igjen i.

Les heile innlegget til KLF-sjefen her:

Marknadsregulatorrolla og viktigheita av samvirke for norske bønder kan vere vanskeleg å forstå. Eg set pris på konkurransen både i kjøt- og mjølkemarknaden. Eg vil seie at KLF-bedriftene og Nortura lever i ei slags symbiose for bonden, gitt at Nortura har store nok tilførslar til å utøve marknadsregulering og drive ein effektiv industri.

Eit monopol ville lett gitt mindre innovasjon og effektivitet både på produktsida og i drifta av industrien. Denne symbiosen tener både samvirkebonden og dei andre bøndene som leverer til KLF-bedriftene på.

Annonse

For å utøve marknadsregulatorrolla må Nortura vere prisleiande. Det føreset tilstrekkeleg med tilførslar. Gartnerhallen var og marknadsregulator, men måtte gje opp då marknadsandelen vart for låg. For få bønder slutta opp om samvirket på grøntsida. Eg fryktar den doble mottaksplikta vil svekke tilførslane til Nortura ytterlegare gjennom auka kapasitet hos KLF-føretaka på grunn av risikoavlastning for denne industrien.

Eg skil ikkje mellom bønder som leverer her eller der! Men, det overraskar meg dersom ikkje alle bønder ser verdien av eit samvirke som marknadsregulator. Ein marknadsregulator som heile tida fokuserer på høgast mogeleg råvarepris. Tilbake i 2015/2016 vart det sett ned eit balanseringsutval, leia av Erling Hjelmeng. Dei såg blant anna på om andre kunne drive marknadsregulering. Konklusjonen var at marknadsreguleringa fungerer etter intensjonane, og rolla som samvirka har fått er den mest kostnadseffektive måten å drive marknadsregulering på.

Balanseringsutvalet gjekk også gjennom mottaksplikta. Dei peika på at mottaksplikta svekkjer reguleringstiltaka for å halde ein marknad i balanse. Det er rett, men samtidig er sikkerheitsnettet som mottaksplikta er for bonden, enno viktigare.

Bondelaget heiar på alle bønder, uansett kor dei leverer varene sine. Vi heiar på ein marknadsregulator som er i stand til å sikre ein marknad i balanse, som igjen sikrar betre lønsemd for bonden, uavhengig av kven bonden leverer til. Vi heiar på dei som vil vidareforedle norske råvarer ute i distrikta, og som ynskjer ein so høg råvare pris som marknaden og tollvernet gir rom for.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ingen må til Sverige