Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bokslukarar i bokmålsland

Det er rått parti. Når bokmålselevar skal kåre årets barnebøker, taper naturlegvis nynorsklitteraturen. Det er ei kraft nesten like sterk som tyngdelova, verkar det som.

80.000 elevar og ti juryklasser var med da Mari Moen Holsve til slutt vann Bokslukarprisen 2018/2019 for boka Ingen sover trygt i natt. Her blir prisvinnaren intervjua av Kristine Magnesen frå NRK Super. I fem år har finalen vore gjennomført utan bøker på nynorsk. Foto: Audun Skjervøy

Det er berre to veker sidan vi kom tilbake frå Oslo – 14 elevar og 6 foreldre. Vi var med sjetteklassen ved Valldal skule til utdelinga av Bokslukarprisen 2018/2019. Eller: Det korrekte namnet er nok helst Bokslukerprisen, for eg har ikkje sett noko anna enn eit bokmålsnamn på prisen, sjølv om det er ein pris som skal engasjere femte- og sjetteklassingane over heile landet, også dei som skriv nynorsk.

Ungane våre hadde vore så heldige at klassen deira var utpeikt til éin av dei ti juryklassene som skulle vere med på å kåre vinnaren i år. Dei har verkeleg gått laus på oppgåva med både liv, lyst, litterær interesse, fagleg alvor og leseglede. Det var likevel eitt skår i gleda: Alle bøkene som var nominerte til superfinalen, var skrivne på bokmål.

Det er berre ei lita togreise frå Møre og Romsdal, der nynorsk framleis er førstespråket for fleirtalet av elevane i grunnskolen, til det bokmålsdominerte Oslo. Den litterære reisa for ungane våre vart også ei reise frå ein språkleg kvardag der dei møter begge målformene, til eit litterært bokmålsland, der nynorsk er fråverande, og der det heller ikkje ser ut til å vere nokon vilje til å vise at det kvart år blir gitt ut svært gode barnebøker på nynorsk også for denne aldersgruppa.

Må det verkeleg vere slik?

I utgangspunktet er Bokslukarprisen ein fantastisk idé. Det er Foreningen! les som står bak prisen, som er ein nasjonal pris som skal fremje lesing og leselyst og setje søkjelyset på den gode norske skjønnlitteraturen som blir gitt ut for aldersgruppa ti-tolv år. Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet støttar Bokslukarprisen.

I ei tid da litteraturen blant barn og ungdom er under press frå kjappe og actionfylte internettmedium og gaming, er det viktig å gi ungane ein inngang til den verda skjønnlitteraturen representerer, og den språklege forankringa skriftkulturen kan gi dei. Men kva når sjølve utveljingsprosessen for bøkene som skal vere med til finalen, er lagd opp slik at nynorsklitteraturen er dømd til å tape?

Annonse

Foreningen! les har valt ut ti bøker som skal vere med når 80 000 elevar skal kåre fem superfinalistar på grunnlag av utdrag i ein antologi. Åtte utdrag er på bokmål, to utdrag er på nynorsk. I år stod sterke forfattarar som Atle Hansen og Maria Parr for nynorskbøkene.

Men når det store fleirtalet av elevane er bokmålselevar, og mange lærarar dessverre også uttrykkjer motvilje mot nynorsk, gir resultatet seg sjølv.

Skeivfordelinga fekk meg til å gå inn i historikken til prisen. Den avslører at dei som står bak prisen, ikkje har prioritert å avspegle språkleg mangfald. Kvart einaste år sidan 2015 er det berre bokmålsbøker som har vore superfinalistar. Blant dei ti bøkene som blir valde ut som årets bøker kvart år, har det svinga mellom éi og to nynorskbøker. I år var det sterke vore representert med sterke forfattarar blant dei ti utvalde.som Maria Parr og Atle Hansen.

Lærarar i nynorskområde melder at elevane er utrygge og famlande i språket sitt. Ei av årsakene til dette er naturlegvis at dei møter eit bokmålsdominert samfunn både i skrift og tale, i bøker og massemedium. Det finst ingen snarveg til språket. Det er øving og praktisering som gjer oss til gode språkbrukarar. Og lesing, naturlegvis.

Det er nettopp dette som gjer det så nedslåande at Foreningen! les ikkje viser større ansvar for den språklege breidda i barnelitteraturen når dei skal kåre vinnaren av Bokslukarprisen. Kriteria burde vere slik at det alltid er minst éi nynorskbok blant dei fem superfinalistane. Slik ordninga er i dag, organiserer Foreningen les! ti–tolv-åringar til å drive med systematisk språkundertrykking utan at dei sjølve er klare over det.

Det er også innlysande at Kulturrådet og Utdanningsdirektoratet, som er med på å finansiere prisen, må stille strengare språklege krav til prisen. Viss ikkje sviktar dei ei viktig kulturell oppgåve knytt til litteratur og lesing blant ungar. Nynorskelevar må også få møte sitt eige språk på ein måte som gjer at dei kan vere stolte av det.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Det nødvendige oppgjøret