Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bokmål og nynorsk er ikkje jambyrdige

Nynorskbøkene er dømde til å tape utan kvotering.

Lesing: Elever som les. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

Er kvotering vegen å gå, spør Troels Posselt i eit svar til meg i Nationen tysdag 21. mai. Bakgrunnen er ein kommentar eg skreiv her i avisa 10. mai om Bokslukarprisen, som kvart år blir arrangert av Foreningen !les for femte- og sjetteklassingane.

Svaret mitt er enkelt: Ja, det er faktisk vegen å gå. Det er den vegen Foreningen !les bør gå, dersom dei også skal fremje nynorsk litteratur overfor denne aldersgruppa, slik Posselt held fram at dei ønskjer å gjere.

Eg er ikkje i tvil om at Foreningen !les har dei aller beste intensjonane med Bokslukarprisen, og eg har med sjølvsyn sett korleis prisen engasjerer til leseglede og leselyst blant ungane som er med. Men dette var altså ikkje poenget mitt i kommentaren eg skreiv til Nationen. Snarare dreier det seg om at kåringa av prisvinnaren er lagd opp på ein måte som alltid vil favorisere bokmålsbøkene som er med. Som eg skreiv: Nynorskbøkene er dømde til å tape, rett og slett fordi fleirtalet av elevane som er med på å velje ut finalebøkene, er bokmålsbrukarar, og fordi vi framleis lever i eit samfunn der fordommar og motvilje mot nynorsk er utbreidde – både blant lærarar og elevar.

Annonse

Det kan verke som om Troels Posselt i Foreningen !les skriv svaret sitt om Bokslukarprisen ut frå ein idealtilstand der bokmål og nynorsk er jambyrdige. Vi veit alle at dette ikkje er tilfellet. Bokmål dominerer på dei aller fleste områda av samfunnet vårt: både i media, i statsadministrasjonen, i næringslivet, i litteraturen, i skoleverket.

Ei avrøysting om litteratur blant 80.000 elevar, der 87 prosent er bokmålsbrukarar, kan aldri bli nøytral. Det skal mykje til for at nynorskbøker kan komme sigrande ut av denne prosessen – uansett kor gode bøkene måtte vere. Dette handlar ikkje om litterær kvalitet, men om språkleg kvantitet, om språkleg makt og om språkleg status.

Vi som har nynorskskrivande ungar i ei bokmålsdominert skriftverd, ser også korleis dette verkar i kvardagen. Og vi får høyre frå lærarane korleis nynorskelevar famlar i språket sitt nettopp fordi bokmålsdominansen i samfunnet er så sterk. Dei møter i altfor liten grad sitt eige skriftspråk utanfor skolen.

I læreplanen for norsk står det at elevar i femte–sjuande klasse skal lese eit breitt utval av norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på nynorsk og bokmål. Bokslukarprisen er ein del av norskundervisninga til dei klassene som er med, og det er opplagt at dette også forpliktar arrangørane til å ta språklege omsyn.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at det kan vere eit dilemma for Foreningen !les å måtte gjere ein ekstra innsats for bøker på nynorsk i ein konkurranse som Bokslukarprisen. Men løysinga kan ikkje vere å skyve ungane framfor seg ved å seie at dette er ein «barnas pris». Slik den språklege verkelegheita er, vil det da alltid bli «bokmålsbarnas pris». Iallfall har det vore slik til no, sidan nynorskbøkene aldri har nådd opp i den såkalla «superfinalen».

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hva ville mormor sagt?