Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Blåmåndag for mjølkeproduksjonen

Det var ikkje den løysinga eit samla landbruk såg for seg etter WTO-møtet i Hong Kong.

I 2005 var det WTO-møte i Hong Kong, der mellom anna eksportstøtta av jordbruksprodukt vart diskutert. Her frå ein demonstrasjon. Foto: Thomas Vermes

Hong Kong er i nyheitsbiletet om dagen. Slik var det også før jul i 2005, då var det WTO-forhandlingar som sto på dagsordenen. Dette var av stor viktigheit for norsk landbruk.

Litt bakgrunn fyrst. Det hadde vore fleire slike møte frå 1990 og fram til dette hovudmøte. Mange av møta hadde enda anten med at land la ned veto mot løysingar, eller små steg i forhandlingane. Det var store forventningar om framgang knytt til møtet i Hong Kong.

For norsk landbruk var det hovudsakeleg tre område som var i spel. 1) Internstøtte, hovudsakeleg overføringar knytt til jordbruksforhandlingar. 2) Tollsatsar som beskytta norske varer som kjøt, mjølk, korn og grøntproduksjon av varierande størrelse. 3) Eksportstøtte som vart brukt til regulering av overproduksjon av og til.

Det er landbruket som må svi for auka marknadstilgong for fisk, serleg oppdrettsfisk.

Eksportstøtte var den delen som var mest vanskeleg å forsvara for landbruk i mange land, også Noreg. Dersom støtta vart brukt til å dumpa pris i u-land, slik at bøndene i det landet ikkje fekk bygd opp eigen lønsam produksjon, var det ikkje bra.

Jarlsberg-osten kom etter WTO-regelverket i same betraktning, sjølv om mest all eksport går til USA. Noreg sine interesser på landbruk er i all hovudsak defensive, medan det er offensive interesser på fisk, i særleg oppdrettsfisk.

På møtet, som gjekk føre seg på ei av øyane i Hong Kong, var det tusenvis av deltakarar. Forhandlingane føregjekk på eit stort kongressenter. I den norske delegasjonen var det folk som var akkrediterte som delegasjonsmedlemer og fekk dermed inngang på det meste, medan andre var på eit lågare akkrediteringsnivå, og fekk ikkje hadde slik tilgang.

Annonse

Frå Bondelaget var det Eli Reistad som var vår «utanriksminister», medan underteikna saman med Harald Mork frå Norsk landbrukssamvirke/Norsk Kjøtt og Egil Pedersen frå NNN (Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund) ikkje var med i delegasjonen. Dagane gjekk med til diverse møteverksemd, mellom anna eit møte i G10-gruppa der eg heldt eit 40 minutts innlegg på engelsk. Det er slike gonger ein lengta heim til Jæren med stiv kuling frå sør og regn.

Frå WTO-møtet i Hong Kong i 2005. Dåverande leiar i Noregs Bondelag, Bjarne Undheim, (ståande til venstre), utanriksminister Jonas Gahr Støre (midten) og landbruksminister Terje Riis Johansen (t.v.). Foto: Thomas Vermes

WTO-møtet enda med ein intensjon om utfasing av eksportstøtta noko fram i tid. Me som var til stade, sat nok med eit inntrykk av at tidsrommet var 10–15 år fram i tid. Eg trur også det var ei oppfatning at det kunne gått verre, men det var tap stort nok. Me såg også at den største utfordringa var Jarlsberg-osten. Eit samla norsk landbruk hadde også eit inntrykk av at staten ville bidra til å løysa utfordringa.

Nå er tida komen, og me ser lite vilje frå staten til å bidra med pengar for å løysa utfordring for industri og mjølkeprodusentar. Det er landbruket som må svi for auka marknadstilgong for fisk, serleg oppdrettsfisk.

Me har heller ikkje nytta tida til å sjå på moglegheiter for å omdefinera måtar å behalda norsk produksjon av Jarlsberg-ost for eksport. Noreg vil alltid vera flinkast i klassen på å oppfylle internasjonale pliktar, men me treng ikkje alltid vera raskast og mest pliktoppfyllande. Eg trur det er lite takk å få i den bransjen.

100 millionar liter mjølk er mange årsverk i industri, landbruk og servicenæringar. Det er den produksjonen som skapar mest arbeid og inntekt over heile landet. Det må finnast gode løysingar for å ta ned volumet i produksjonen.

Staten har vore ein pådrivar i liberaliseringa av mjølkeproduksjonen gjennom ulike saker som samdrifter, sal og kjøp av kvote, utleige av kvote, større område for kjøp/sal, og størrelse på maks kvote. Dette har ført til auka kapitalisering/verdi på kvotar og store investeringar som skal betenast.

Det er svært urimeleg at det berre er jordbruket som skal ta den økonomiske belastninga over omsetningsavgift for å ta ned volumet. Det vert ei stor økonomisk belastning for bøndene.

Det var ikkje den løysinga eit samla landbruk såg for seg etter Hong Kong.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Mange små revolusjoner