Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Berge har framleis lite å stille opp med

I sine synspunkt 20.10. kjem Lars Emil Berge i Småkraftforeninga ikkje med faktiske opplysningar som tilseier at det eg skreiv 13.10. er feil.

Småkraftverk ved Momrak i Fyresdal. Foto: Erik Vestgård
Småkraftverk ved Momrak i Fyresdal. Foto: Erik Vestgård

Vi har, fortel Statistisk sentralbyrå, eit innanlandsk forbruk av olje og oljeprodukt på nesten 90 TWh (milliardar kilowattimar). Berge nemner 2,5 TWh i ferdige konsesjonar til ustabil leveranse frå småkraftverk.

Det hjelper ikkje stort, heller ikkje om bransjen fekk lov til å gå laust på resten av vassdraga. Dei kan gje bortimot 20 TWh, etter det NVE opplyser. I dette er dei, sjølvsagt, ikkje med dei elvane som Stortinget har gjeve varig vern.

Hydrogen kan vi sikkert bruke til mangt. Men la meg legge til nokre tal som viser sløseriet i denne tanken: NVE meiner 50–55 kWh gjev 33 kWh i hydrogen. Brukt i ein brenselcellemotor har hydrogen ein verknadsgrad på rundt 50 prosent.

Annonse

Lagring og transport vil krevje ein god del energi i tillegg, fordi det krev eit trykk på 350–700 bar og tankar som toler slike ekstreme påkjenningar. Å hente eit tonn hydrogen av naturgass gjev 8 tonn CO2. Desse tala kan sikkert endre seg, med realitetane ligg i fysiske og kjemiske lover, og ingen kan finne opp noko i strid med naturlovene.

Å gjere fleire inngrep i naturen for å skaffe meir energi, vil forsterke det massedrapet av liv som vi har bak oss i stigande grad. På 50 år er 70 prosent av talet på dyr i verda vekke. Vindturbinar drep eit sterkt redusert fugleliv.

To tredelar av dei store vassdraga er utnytta til kraftverk. Rapportane om nedbrytinga av den naturen som gjev oss våre levekår er stadig meir dramatiske.

Ei framtid med mindre utslepp må bli ei framtid med mindre energiforbruk. Dette er sikkert ikkje lett å få politisk fleirtal for. Alternativet er likevel verre; det ser vi i fleire land. At Noreg – med meir kraftutbygging – kan gjere livet betre rundt om i den store verda, ser eg ikkje grunnlag for.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nytt datasenter i Danmark blir et av de grønneste i verden