Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Både jord og skog treng skjøtsel

Skog som er hogd, skal plantast til att.

Altfor mange hogstflater blir liggande utan at noko som helst foryngingstiltak som planting eller tilrettelegging for naturleg forynging blir gjort etterpå, skriv Jon Ingebretsen. Foto: Siri Juell Rasmussen
Altfor mange hogstflater blir liggande utan at noko som helst foryngingstiltak som planting eller tilrettelegging for naturleg forynging blir gjort etterpå, skriv Jon Ingebretsen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Tokke og Vinje kommunar vil skjerpe handhevinga av paragraf 8 i Jordlova om driveplikt på landbrukseigedomar. Det vil mellom anna seie at dyrka areal skal haldast i hevd slik at dei ikkje gror att med skog.

Det er vel og bra. På same vis kunne ein også ønske at handhevinga av Skoglova blei betre praktisert i mange kommunar, ved at foryngingsplikta etter slutthogst blei etterlevd.

Annonse

Altfor mange hogstflater blir liggande utan at noko som helst foryngingstiltak som planting eller tilrettelegging for naturleg forynging blir gjort etterpå. Med andre ord «seglar areala sin eigen sjø» etter at skogen er hogd, tømmeret er drive ut, pengane utbetalt og skogfondsmidlar avsett til å siste til å sikre framtidsskogen.

Dette gjeld serleg skog på utanbygds hender, der eigarane knapt kjenner sin eigen skog, og overlet skogsdrifta til skogeigarforeningas driftsapparat.

Skoglova set også krav til hogst- og driftsform og utbetring av terreng og driftsvegskader etter hogst. På dette punktet er også oppfølginga til tider alt for dårleg frå dei som skal handheve lov og retningsliner for eit miljømessig og bærekraftig skogbruk.

Neste artikkel

Skogressursen forvitrer